«Ljubav je svuda» (serbisk «Љубав је свуда») er det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på serbisk av Moje 3. Songen er skriven av Saša Milošević og Marina Tucaković.
Beosong 2013 Moje 3 sendte inn «Ljubav je svuda» Radio-televizija Srbije (RTS) og songen vart vald ut som eit av 15 bidrag som fekk delta i Beosong 2013, den serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.
Semifinalen Songen starta som nummer éin, før «Moja svetlosti» av Igor Terzija. Bidraget vann med 10 994 SMS-røystar og gjekk vidare til finalen saman med fire andre bidrag.
Finalen Songen starta som nummer fem, etter «Halo» av Marija Mihajlović. Bidraget vann med 25 959 SMS-røystar og får representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013.
Eurovision Song Contest 2013
I samband med at «Ljubav je svuda» vann Beosong 2013 får songen òg representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Serbia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1 Songen starta som nummer 16, etter Belgia med «Love Kills» av Roberto Bellarosa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ljubav je svuda» frå , den 23. mars 2013.
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar