mini|Eit høgdepunkt under den heroiske tidsalder for antarktisutforsking: Roald Amundsen og mennene hans heisar det norske flagget på Sørpolen i desember 1911. Den heroiske alderen for antarktiskutforsking skildrar ein epoke som strekte seg frå slutten av 1800-talet til tidleg 1920-talet. Gjennom denne 25-årsperioden vart det antarktiske kontinentet fokuset for ein internasjonal innsats som resulterte i vitskapleg og geografisk utforsking, og seksten store ekspedisjonar vart sett i gang frå åtte ulike land.Barczewski, s. 19. (Barczewski nemner eit tal på 14 ekspedisjonar) Felles for desse ekspedisjonane var avgrensinga på tilgjengelege ressursar før framsteg i transport- og kommunikasjonsteknologien revolusjonerte arbeidet under utforskinga.Huntford, s. 691 – «før maskinar tok over» Dette tydde at kvar ekspedisjon vart ei bragd av uthald som testa dei personlege fysiske og mentale grensene, og nokre gonger utover. Det «heroiske» merket, tilkjent seinare, anerkjende motgangen som måtte overvinnast av desse pionerane. Mange overlevde ikkje denne røynsla, og 17 medlemmar omkom i løpet av denne perioden.
I løpet av desse ekspedisjonane vart både den geografiske og magnetiske Sørpolen nådd.Pearys krav om å ha nådd Nordpolen i 1909 vart allment akseptert på den tida – sjå Amundsen, s. 42 og Barczewski, s. 61–62. Det vart seinare gjenstand for tvistar – sjå Berton, s. 614–625. Det å vere først til Sørpolen var eit primært mål i nokre av ekspedisjonane, og var den einaste grunngjevinga for Roald Amundsen sitt vågestykke. Men dette var ikkje det einaste aspektet av polarforsking på denne tida; andre ekspedisjonar jobba med definerte mål i ulike område av kontinentet. Som eit resultat av all denne aktiviteten vart store delar av kystlinja til kontinentet oppdaga og kartlagt, og store delar av innhaldet vart utforska. Ekspedisjonane genererte òg store mengder vitskaplege data og prøver over eit breitt spekter av vitskaplege område. Eksaminasjonen og analysane heldt dei vitskaplege miljøa i verda oppteke i fleire tiår.Døme: Dei vitskaplege resultata frå Scotia-ekspedisjonen, 1902–04, vart framleis publisert i 1920 (Speak, s. 100). 25 utgåver med resultat frå Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13, hadde vorte publisert innan 1925.()
Opphav mini|venstre|Sir John Murray Den opphavlege drivkrafta for den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking kom frå eit foredrag i Royal Geographical Society i London i 1893. Foredraget vart halde av professor John Murray frå Challengerekspedisjonen, som hadde seglt til antarktiske farvatn i 1872–76, og han foreslo at ein ny antarktisk ekspedisjon burde organiserast for å «løyse dei uteståande geografiske spurnadane som framleis låg i sør».Crane, s. 75 I august 1895 vedtok den sjette internasjonale geografiske kongressen i London ein generell resolusjon, og oppfordra vitskaplege samfunn over heile verda til å promotere «saka» antarktiske ekspedisjonar «på den måten som synest dei mest effektive». s. 9–10 Slikt arbeid ville «bringe tillegg til nesten alle greiner av vitskapen». Kongressen hadde vorte adressert av nordmannen Carsten Borchgrevink som nyleg hadde returnert frå ein kvalfangstekspedisjon, og der han hadde vore ein av dei første til å setje føtene på det antarktiske fastlandet. Gjennom denne adresseringen skisserte Borchgrevink planar for ein fullskala banebrytande antarktisk ekspedisjon, som skulle vere basert i Cape Adare. s. 4–5
Den heroiske tidsalderen vart likevel sett i gang av ein ekspedisjon lansert av den belgiske geografiske samskipnaden i 1897, og Borchgrevink følgde eitt år seinare med ein privat sponsa ekspedisjon..Jones, s. 59Nokre historier reknar Discovery-ekspedisjonen, som seglte ut i 1901, som den første reelle ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen. Sjå
Nemninga «heroisk tidsalder» kom seinare; omgrepet er ikkje brukt i nokre av dei tidlege ekspedisjonane sine utreiingar eller memoarar, heller ikkje i biografiar om polare skikkelsar som dukka opp i 1920- og 1930-åra. Det er ikkje klårt når omgrepet vart oppfunnen eller teke i bruk generelt; det vart brukt i mars 1956 av den britiske oppdagingsreisande Duncan Cares, som skreiv i The Times. Då han skildra den første kryssinga av Sør-Georgia i 1916, skreiv han om «tre menn frå den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, med 50 fot med tau mellom seg, og ei snekkers skarøks».Carse, sitert av M. og J. Fisher, s. 389
Ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, 1897–1922 Merknader Samandraga i tabellen inkluderer ikkje det vitskaplege arbeidet som vart utført av desse ekspedisjonane, som kvar førte tilbake funn og prøver over eit breitt spekter av fagområda. Tabellen inkluderer ikkje dei mange kvalfangstekspedisjonane som fann stad i denne perioden, eller subantarktiske ekspedisjonar som til dømes den til Carl Chun i 1898–99, som ikkje passerte den antarktiske sirkelen. Den avbrotne Cope-ekspedisjonen i 1920–22, som kollapsa gjennom manglande finansiering, er òg utelate, sjølv om to menn var vart sett i land frå ein norsk kvalfangar og var eit år på den antarktiske halvøya. † syner til at leiaren omkom under ekspedisjonen.