mini|Ei side frå Codex Cumanicus. Codex Cumanicus er eit handskrive dokument frå mellomalderen, skrive av katolske misjonærar til tyrkiske nomadar. Det er skrive i latinsk skrift, og er det eldste dømet på eit tyrkisk språk skrive med latinske bokstaver. Det er også den fyrste kjende skriftlege kjelda som nemner kosakkane. Manuskriptet blei skrive i 1303, og er husa i Biblioteca Marciana i Venezia (BNM ms Lat. Z. 549 (=1597)).

Codex Cumanicus har to delar. Den fyrste er ei ordliste på latin, persisk og kumansk, og ei kolonne med kumanske verb, namn og pronomen med tydingar på latin. Den andre delen omfattar ei kumansk-mellomhøgtysk ordliste, informasjon om kumansk grammatikk, og ei samling dikt, Codex Cumanicus (Kumanlar Kitabı) setningar, forteljingar om religiøse leiarar og rundt 50 gåter.

Døme

Dei kumanske gåtene (CC, 119–120; 143–148) er ei viktig kjelde til studiar av tidleg tyrkisk folklore. Nokre døme er:

'Den kvite yurten har ingen munn (opning). Det er egget.'

'Mitt blålege kje ved enden av reipet veks seg tjukt. Melonen.'

'Der eg sit er ein åslendt stad. Der eg trør er ei kopparskål. Stigbøyelen.'

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Codex Cumanicus» frå , den 9. desember 2022.

Kategori:Mellomalderlitteratur Kategori:Litteratur frå 1300-talet Kategori:Tyrkiske språk