1G syner til 1. generasjon mobiltelefonnettverk, som var eit analogt system. I Norden nytta ein nettverket NMT.
Historie Det første kommersielle automatiserte mobiltelefonnettverket blei opna i Tokyo i Japan i 1979 av Nippon Telegraph and Telephone (NTT). I løpet av fem år hadde nettverket blitt utvida til å dekkja heile Japan. Det blei dermed det første nasjonale nettverket for mobil.
I 1981 blei nordisk mobiltelefonsystem (NMT) opna i heile Norden samtidig. Dette blei dermed det første internasjonale nettverket for mobil. Med tida blei NMT mest utbreidd i Europa, medan Advanced Mobile Phone System (AMPS) blei utbreidd i Amerika.
Fordelane med å bruka digital teknologi førte til at 1G-nettverka etterkvart blei erstatta av 2G. Mange 1G-netverk blei avvikla tidleg på 2000-talet, men nokre stader blei dei verande i drift inn på 2010-talet.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «1G» frå , den 17. april 2013.
Kategori:Trådlaus kommunikasjon Kategori:Telefoni