mini|Lidingssoga i glasmåleri ved domkyrkja i Chartres. Lidingssoga eller pasjonssoga (av latin passio, 'liding') er forteljinga om Jesus si liding og død slik ho kjem fram i dei fire evangelia. Ho omfattar avskjeden med disiplane ved den siste nattverden, tilfangetakinga i Getsemane, forhøyret for eldsterådet, fornektinga til Peter, dommen til Pontius Pilatus, piskinga, tornekroninga, golgatavandringa, krossfestinga, døden og gravlegginga.

Lidingssoga er fortald ganske like i dei tre synoptiske evangelia (til dømes Matt. 16,21-23; 17,22-23; 20,17-19), medan soga i Johannesevangeliet er samansett frå ein del ulike tradisjonar. Denne soga er også prega av omsyn til å skildra Jesus sin død som førebestemt og eit førebilde for kristne martyrar. Soga finst også i ikkje-kanoniske tekstar, som evangelia etter Peter og Nikodemos.

Soga har vore viktig i kristne tradisjonar frå byrjinga av kristendommen. Ho blir vanlegvis lesen under den stille veka, særleg på langfredag. I katolsk tradisjon blir ho også ofte framført som pasjonsspel. Lidingssoga har vidare inspirert talrike kunst- og musikkverk.

Personar som berre så vidt eller ikkje er nemnd i evangelia har fått større plass i ulike folketradisjonar. Kona til Pontius Pilatus er nemnd ein gong i Matteus-evangeliet, der ho råder Pilatus frå å dømma Jesus. Ho har fått større roller i gjenforteljingar av soga. Dei to tjuvane som blei krossfesta samstundes med Jesus har i seinare tradisjonar fått namn (som Dismas og Gestas). Smeden som laga naglane til krossfestinga var ifølgje ulike overleveringar stamfaren til sigøynarar.

Plantar er også knytt til lidingssoga. Det blir til dømes fortalt at kristtorn blei brukt til å laga tornekrona. Eit kornelltre skal ha blitt brukt til å laga krossen.

Sjå og Jesu sju ord på krossen

Kjelder

Kategori:Det nye testamentet Kategori:Jesus Kategori:Kyrkjeåret