mini|Kjuke på ei trestamme på Lofthus i Hardanger. mini|Panellus stipticus med bioluminescens. mini|Kjuker kan ha ulike fargar. Kjuker er soppar som lagar sidestilte, harde fruktlekamar på ved, gjerne stammer og greiner. Kjuker vert normalt ikkje rekna som matsoppar.

Morfologi Sporane sit i eit porelag. Kjukene kan vera fleirårige, som knuskkjuke og raudrandkjuke, eller eittårige, som t.d. silkekjuke og svovelkjuke. Fruktlekamane er vanlegvis treharde, seige eller korkaktige.

Økologi Dei fleste kjuker bryt ned ved og er årsak til kvitrote eller brunrote. Ved kvitrote vert både cellulose og lignin brote ned; ved brunråte, vert berre cellulosen nedbroten, og det brune ligninet vert liggjande att. Kjukene gjer vidare nytte for seg ved å bryte ned daud ved. Nokre kjuker går til åtak på levande tre, som t.d. rotkjuke på gran og svovelkjuke på lauvtre (t.d. eik), andre kjuker går til åtak på tre som er svekka, t.d. knivkjuke på bjørk. Dei fleste kjukene går på daude eller døyande tre, velta stammer, fallved, vedrestar eller på trekonstruksjonar.

Sjå òg knivkjuke knuskkjuke støvkjuke Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kjuker» frå , den 28. desember 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sopptypar Kategori:Folkelege namn på sopp