Bjarne Håkon Hanssen () er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet, og var statsråd for Arbeids- og sosialdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Han vart innvalgt på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 1993–1997.

Han var statsråd for Landbruksdepartementet i regjeringa Stoltenberg I mellom 2000 og 2001. Det var han igjen for Arbeids- og sosialdepartementet frå 2005 til 2008, og sidan det for Helse- og omsorgsdepartementet. Han har òg vore nestleiar i Næringskomiteen i Stortinget. Han er utdanna lærar ved Levanger Lærerhøgskole. Mellom 1980 og 1982 var han leiar for Arbeidernes ungdomsfylking i Nord-Trøndelag.

Ei av Hanssen sine kampsaker som landbruksstatsråd var reduksjon av matvaremomsen frå 24 til 12 prosent. Målet var å gjera matvarer billegare for forbrukarane. I ettertid synte det seg at mykje av reduksjonen fall vekk i mellomledda. Han var òg ei tid nøydd til å stengja landegrensene for utanlandsk kjøt på grunn av munn- og klovsjuke i EU-området.

Etter at han gjekk av som landbruksminister vart han ein av skiparane av PR-selskapet First House.

Regjeringsdeltaking 17. mars 2000–19. oktober 2001 – statsråd i Landbruksdepartementet. 17. oktober 2005–20. juni 2008 – statsråd i Arbeids- og sosialdepartementet. 20. juni 2008–20. oktober 2009 – statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet. 2. oktober–20. oktober 2009 – settestatsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Stortingskomitear 1997–2001 – nestleiar i Næringskomitéen i Stortinget til 17. mars 2000. 1997–2001 – varamedlem av Valkomitéen i Stortinget til 17. mars 2000. 2001–2005 – fyrste nestleiar i Sosialkomitéen i Stortinget.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Biografi på Stortinget.no Biografi på Regjeringen.no

Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Folk frå Namsos Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005