thumb|right|150px|Skiltet seier at fart over 60 km/t er forbode. Eit vanleg skilt i Noreg og resten av Europa Fartsgrensene i Noreg er 80 kilometer i timen utanfor tettbygde strok og 50 km i timen i tettbygde strok.Vegtrafikkloven av 1965, § 6, lese på Lovdata 8.des 2012. Reglane gjeld ferdsel med køyretøy på veg eller område som er ope for alminneleg trafikk med motorvogn. Særskilte fartsgrenser er vist med forbodsskilt, og går frå 10 km i timen til 110 km i timen.http://www.tv2.no/a/8228799/ Før 2000 var høgeste lovlege fart 90 km i timen på norske vegar. Med skilt i Noreg som viser gatetun er det pålagt å køyre i «gangfart». Køyretøy over 3,500 kg og køyretøy med tilhengar har fartsgrense 80 km i timen også der det er vist høgare fartsgrense med skilt.Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkreglene), 21.mars 1986 nr 747 § 13, lese på Lovdata 8.desember 2012.

Historie Noreg har hatt generelle fartsgrenser på heile vegnettet sidan 1912. Grensene vart gradvis justert oppover til 1965 (Samferdselsdepartementet, St meld 72, 1977-78). Etter 1965 er høvet til å fastsette spesielle fartsgrenser for enkelte vegtypar eller vegstrekningar gradvis utvida.

År Utanfor tettstader I tettstader191235 km/t15 km/t192635 km/t25 km/t193560 km/t35 km/t195570 km/t40 km/t196580 km/t50 km/t

Straffereaksjonar Bøter Når fartsgrensa er 60 km/t eller lavare 30- til og med 60-soner til og med 5 km/t over til og med 10 km/t over til og med 15 km/t over til og med 20 km/t over til og med 25 km/t overBøtesatsar600 kr1600 kr2900 kr4200 kr6500 kr

Når fartsgrensen er 70 km/t eller høgare 70- til og med 100-sone til og med 5 km/t over til og med 10 km/t over til og med 15 km/t over til og med 20 km/t over til og med 25 km/t over til og med 30 km/t over til og med 35 km/t overBøtesatsar 600 kr 1 600 kr 2 600 kr 3 600 kr 4 900 kr 6 500 kr 7 800 kr

Inndraging av førarkort thumb|Automatisk trafikkontroll («fotoboks») på E18 ved Longum i Aust-Agder. SonerGrense for inndragingkm/t overAnnan informasjon30-soneOver 55 km/t26 km/t40-soneOver 65 km/t26 km/t50-soneOver 75 km/t26 km/t60-soneOver 85 km/t26 km/t70-soneOver 105 km/t36 km/t80-soneOver 115 km/t36 km/t90-sone Over 125 km/t36 km/tVanlegvis på motortrafikkvegar (tidlegare motorvei kl. B)90-sone (motorveg)Over 130 km/t41 km/tBerre på motorveg (tidlegare motorveg kl. A)100-soneOver 140 km/t41 km/t100 km/t berre på enkelte motorvegstrekningar med høg standard

Fengsel eller samfunnsstraff Vegleiande normer for påstand om samfunnsstraff og fengsel i brev frå Riksadvokaten til alle Politimestrar og Statsadvokatar, dagsett oktober 2007: FartsgrenseSamfunnsstraff frå og medFengsel frå og med50 km/t92 km/t96 km/t60 km/t110 km/t115 km/t70 km/t120 km/t125 km/t80 km/t130 km/t136 km/t90 km/t142 km/t150 km/t100 km/t155 km/t165 km/t

På motorvegar (Motorveg kl A) blir førerkortet kversett først ved 41 km over lovleg fart.

Retningslinene gjeld dersom det ikkje er spesielle formildande eller skjerpande omstende. Andre og strengare avgjersler kan skje, jfr Høyesterettsdommar i tilsvarande saker.

Kjelder

Kategori:Vegtransport Kategori:Samferdsle i Noreg