Underwater Sunlight er det 29. albumet og det 16. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut sommaren 1986.
Underwater Sunlight var første gongen Paul Haslinger spelte med Tangerine Dream. Han hadde bakgrunn frå klassisk musikk og det kan høyrast på albumet i form av at songane er langt meir strukturerte enn tidlegare.
Underwater Sunlight låg ei veke på den britiske albumlista med ein 97. plass som høgaste plassering.
Bakgrunn Kort tid etter Johannes Schmoelling hadde slutta i Tangerine Dream, tilrådde vener av Edgar Froese ein klaverspelar som var aktiv i jazzmiljøet i Wien, Paul Haslinger. Han var berre 23 år gammal då Froese inviterte han til eit studio i Wien i lag med Chris Franke. Først virka det ikkje sannsynleg at Hasligner, som var ein funkjazz-pianist, skulle kunne erstatte Schmoelling, sidan det var så musikalsk forskjellig frå det Haslinger dreiv med til vanleg. Haslinger var derimot vant til å arbeide hardt og Froese og Franke var tålmodige, og han deltok på ein turné i Storbritannia og USA våren 1986. Då turneen var over vart Haslinger fast medlem i bandet for dei neste fire åra. Det første albumet han deltok på var Underwater Sunlight.
Innhald
Medverkande Christopher Franke - Synthesizer, elektronisk perkusjon Edgar Froese - Synthesizer, gitar Paul Haslinger - Synthesizer, flygel, gitar Christian Gstettner - dataprogrammering Monica Froese - plateomslag
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Tangerine Dream-album Kategori:Jive Records-album