Urtehagen på Knatten er ei bok skriven av Annemarta Borgen og utgjeven av Gyldendal Norsk Forlag i 1973. Boka har undertittelen -en bok om urter, mat og meget annet og inneheld i tillegg til oppskrifter og dyrkingrettleiingar mykje kulturhistorie sett frå staden Knatten på Asmaløy i Hvaler kommune lengst sør i Østfold, der Annemarta Borgen og forfattarmannen Johan Borgen budde med huslyden frå sist på 1960-talet og framover.
Urtehagen på Knatten var debutboka til Annemarta Borgen. Ho skreiv seinare mellom anna Rosehagen på Knatten (1982), Fisk fra kjøkkenet på Knatten (1983) og Deg (1981).
Boka har kome i mange opplag og utgåver og er også omsett til dansk.
Innhald Boka er deld i to hovudbolkar, ein om innanlandske ville krydderurter, og ein om utanlandske krydderurter.
Innanlandske ville krydderurter Brennenesle Einer Groblad Karve Kvanne Løvetann Malurt Oregano Rose Ryllik Salat Timian
Utanlandske krydderurter Anis Basilikum Borago Calendula Dill Estragon Isop Kjørvel Løpstikke Persille Rosmarin Salvie Sar
Referansar
Bakgrunnsstoff Urtehagen på Knatten digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Bøker frå 1973 Kategori:Hvaler kommune