Saemien Sijte er eit sørsamisk museum og kultursenter i Snåsa i Nord-Trøndelag. Det inneheld samlingar som dekkar heile det sørsamiske området frå Femunden, Trollheimen og Nordmøre i sør til Saltfjellet i nord.

Museet vart stifta som ei kulturforening i 1964, og vart omdanna til ei stifting i 2006. Birgitta Fossum har vore direktør for museet sidan 2010.

Saemien sijte gjev mellom anna ut årboka Åarjel-saemieh.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Emne knytte til sørsamar Kategori:Snåsa kommune