Tanums store rettskrivningsordbok er ei norsk ordbok på bokmål som har vore redigert av professor Jakob Sverdrup, rektor Marius Sandvei, Bernt Fossestøl og Boye Wangensteen. Den kom først ut på Johan Grundt Tanum Forlag og seinare på Kunnskapsforlaget.
Den første utgåva av oppslagsverket, vart gjeven ut under tittelen Norsk rettskrivningsordbok i 1940, vart byrja på av Jakob Sverdrup i 1936 og fullført av Marius Sandvei etter at Sverdrup døydde i 1938.Wangensteen, Boye (red.) 1996. Tanums store rettskrivningsordbok, åttande utgåva. Oslo, Kunnskapsforlaget: Innhaldslista Etter dette har det komme ni nye utgåver av ordboka, og blant desse kom den tredje utgåva i 1961. Dei resterande utgåvene kom i 1974, 1979, 1983, 1989, 1996 og 2005. 1989-utgåva er kjend for å ha vorte trykt med feilaktig orddeling av tittelen på bokryggen: «Tanums store rettskrivnings ordbok».
Kjelder
Bakgrunnsstoff 1996-utgåva av Tanums store rettskrivingsordbok digitalisert av Nasjonalbiblioteket 1979-utgåva av Tanums store rettskrivingsordbok digitalisert av Nasjonalbiblioteket
Kategori:Norske ordbøker Kategori:Bøker frå 1940