The Valley er hovudstaden på den karibiske øya Anguilla, som er eit britisk oversjøisk territorium. Byen ligg i ein dal ved vika Crocus Bay nordvest på øya. Han har kring 2 000 innbyggjarar.

Ettersom administrasjonen av Anguilla blei flytta til øya St. Kitts i 1825, har The Valley få bygningar frå kolonitida. Eit døme er likevel Wallblake House frå 1787, som i dag er i bruk som prestegard. The Valley har rettslokale, postkontor og eit museum ved National Trust.

Samferdsle The Valley har ei hamn som blir mykje brukt av kryssingsfartøy og større og mindre fritidsbåtar. I tillegg ligg Wallblake lufthamn rundt 3 km søraust for sentrum.

Bakgrunnsstoff The Valley ved anguillaguide.com The Valley ved destination360.com

Kjelder

Public and Government Buildings ved anguillaguide.com The Valley ved destination360.com

Denne artikkelen bygger på «The Valley, Anguilla» frå , og «The Valley» frå den 13. april 2013.

Kategori:Hovudstader i Nord-Amerika Kategori:Anguilla