Olaf Skjeggestad () er ein norsk fysikar.

Han tok dr.philos. i 1959 og var amanuensis ved Universitetet i Oslo frå 1961 til 1972. Han vart så professor i elementærpartikkelfysikk ved Universitetet i Bergen fram til 1981. Skjeggestad har vore tilknytt University of Chicago og Brookhaven National Laboratory i USA og CERN i Sveits som forskar, og han er kjent for ei rekkje arbeid innan eksperimentell elementærpartikkelfysikk. Har òg vore engasjert i arbeid med oljeutvinning i Nordsjøen.

Kjelder «Olaf Skjeggestad». Store norske leksikon.

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Folk tilknytte CERN