Nordlysprisen er ei årleg utmerking som vert delt ut av avisa Nordlys under opningskonserten på Nordlysfestivalen i Tromsø. I 2013 vart prisen delt ut for 25. gong, og prisen var då på 50 000 norske kroner.

Prisen vert gjeven til utøvande musikarar eller komponistar som har utmerka seg ved høgt kunstnarisk nivå gjennom si verksemd i Nord-Noreg, og dermed bidrege til å markere musikklivet i landsdelen på ein positiv måte.

Vinnaren vert utpeikt av ein jury som består av tre representantar: éin frå Musikkonservatoriet ved Universitetet i Tromsø, éin frå Musikernes fellesorganisasjon (MFO) Troms, Finnmark og Svalbard og éin frå Nordlysfestivalen.

Prisvinnarar

1989: Håkon Stødle 1990: Paul Wåhlberg 1991: Tori Stødle 1992: Tove Karoline Knutsen 1993: Arne Dagsvik 1994: Mari Boine 1995: Bjørn Andor Drage 1996: Bjarte Engeset 1997: Arne Bjørhei 1998: Henning Gravrok 1999: Geir Jensen 2000: Arvid Engegård 2001: Malfred Hanssen 2002: Knut Erik Sundquist 2003: Ingor Ánte Áilo Gaup 2004: Ola Bremnes 2005: Susanne Lundeng 2006: Jan Gunnar Hoff 2007: Anneli Drecker 2008: Ragnar Rasmussen 2009: Marianne Beate Kielland 2010: Bodvar Moe 2011: Marit Sandvik 2012: Inga Juuso 2013: Nils Anders Mortensen 2014: Anne-Lise Sollied Allemano 2015: Ragnar Olsen 2016: Ketil Vea og Sigmund Lillebjerka 2017: Terje Nilsen 2018: Ragnhild Furebotten (folkemusiker) 2019: Roger Ludvigsen (gitar) 2020: Jens Kloster (trombone)

Kjelder

Nordlysfestivalen.no: Nordlysprisen. Henta inn 14. april 2013.

Kategori:Skipingar i 1989 kategori:Kulturliv i Tromsø Kategori:Norske musikkprisar