mini|Skisse av eit wienfilter.
Eit wienfilter er eit apparat som utnyttar at partiklar med same elektriske ladning som rører seg rettlinja i eit kombinert elektrisk og magnetisk felt, vinkelrett på kvarandre og på rørsleretninga til partiklane, har same fart, uavhengig av massen deira. Partiklar som har passert wienfilteret og difor har same fart, får ei avbøying i eit magnetfelt som er gjeven av massen til partiklane. Dette kan utnyttast i massespektrometri.
Wienfilteret er kalla opp etter oppfinnaren Wilhelm Wien, som utvikla det i 1898 for å studera anodestrålar.
Kjelder
Kategori:Massespektrometri Kategori:Elektronmikroskopi Kategori:Oppfinningar frå 1800-talet