Jorma Rainer Valkama () var ein finsk lengdehoppar frå Viborg, som vann bronsemedaljen i øvinga under sommar-OL 1956. Han vart finsk meister i lengdehopp 1954-59 og 1961. Sin personlege rekord på 7,77 meter nådde han 16. september 1956 i Åbo. Valkama var 172 cm høg og vog 66 kg.

Aktiv Valkama deltok i 1952 i sommar-OL i Helsingfors, men lukkast ikkje kvalifisere seg til finalen. Sameleis gjekk det i EM 1954 i Bern. Hausten 1956 sette han personleg rekord med eit sprang på 7,77 m, og opplevde så høgdepunktet då han i Melbourne hoppa 7,48 meter i OL-finalen, berre USA-amerikanarane Greg Bell (7,83 m) og John Bennett (7,68 m) hoppa lengre.

Gjennom 1957-sesongen deltok Valkama i 40 tevlingar i lengdehopp, og vann alle. Under EM 1958 i Stockholm landa han på 7,50 meter og fekk sjetteplassen. To år etterpå strekte han seg i Roma til 7,69 m og ein femteplass under sommar-OL 1960. I sin siste internasjonale meisterskap, EM 1962 i Beograd, vart han finaleklar med eit hopp på 7,65 meter, men mislukkast i finalen og stoppa på 6,78 m.

Knapt tre månader seinare omkom han i ei trafikkulykke i Hollola, 34 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa – 6,97 m EM 1954 i Bern: Utslått i kvalifiseringa – 7,04 m OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje – 7,48 m EM 1958 i Stockholm: Nr 6 – 7, 50 m OL 1960 i Roma: Nr 5 – 7,69 m EM 1962 i Beograd: Nr 12 – 6,78 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jorma Valkama» frå , den 16. april 2013.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Finske lengdehopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Døde i trafikkulukker