Uleåborg (svensk) eller Oulu (finsk) er ein by og kommune i landskapet Norra Österbotten i Uleåborgs län i Finland. Uleåborg er med sine om lag 201 100 innbyggjarar den største byen i det nordlege Finland og er den femte største byen i landet. Uleåborg har ei flatevidd på 3.031,64 km².
Uleåborg er einspråkleg finsk.
Geografi Uleåborg ligg ved elva Ule älv sitt utlaup i Bottenvika.
Historie
mini|Uleåborg på 1800-talet.
Uleåborg er kjend som en handelsstad frå førhistorisk tid. Det finske namnet på byen, «Oulu» kjem frå samisk.
Byen vart grunnlagd av kong Karl IX av Sverige i 1605 og fekk byprivilegium i 1610. Byen vart plassert på fastlandet midt mot øya Linnansaari, der Uleåborgs slott vart bygd nokre år tidlegare. Slottet vart øydelagt av eit lynnedslag i 1793.
Uleåborg fekk stapelstadsrettar i 1765 og har vore Uleåborgs läns residensstad sidan 1776. Frå ein by kjend for tjære og laks har Uleåborg utvikla seg til ein moderne by med ein stor IT-industri.
Utdanning Uleåborgs universitet har over 15 000 studentar spreidd på seks fakultet.
Yrkeshøgskolan i Uleåborg (Oulu Polytechnic) har kring 7 700 studentar spreidd på åtte einingar.
Svenske Privatskolan i Uleåborg vart grunnlagd på 1850-talet. I dag har skulen drygt 100 elevar og 15 lærarar. I bygget er det grunnskule, gymnas og ein svensk barnehage med førskule.
Verdt å sjå Tietomaa Rotuaari -promenadgatan saltmagasin Hupisaaret Uleåborgs domkyrka minnesmerke over F. M. Franzen Nord-Österbottens museum Pateniemis sågverksmuseum bilmuseum Universitetets botaniske trägård Uleåborgs konstmuseum Arktiske galleriet Teknologbyn Ruinane av Uleåborgs slott
Anna Uleåborgs stadsteater Uleåborgs musikcentrum Uleåborgs universitet badeanstalt og hotell Eden Ouluhallen Nallikari rekreasjonsonsområde Terva -skiløp Oulu Horse Show American Car Show Oulu Music Film Festival og Luftgitar verdsmeisterskap
Sport Ishockey: Kärpät
Sjå òg Finska byar etter storleik Finska byar etter alfabetet Johannes Messenius Erkeengelen i Uleåborg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Finland Kategori:Kommunar i Uleåborgs län Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1605