Mount Wade er eit massivt fjell og eit av dei mest særprega landemerka i området, seks kilometer nordvest for Mount Campbell i Kronprins Olavfjella i Antarktis. Fjellet er godt synleg frå Shackletonbreen eller Rossbarrieren. Mount Wade er det høgaste fjellet i fjellkjeda.

Fjellet vart oppdaga av Roald Amundsen i 1911. Det vart fotografert av Byrd på flyturar til Dronning Maudfjella i november 1929. Det vart namngjeve av US-SCAN etter F. Alton Wade (1903–78), geolog under Byrd-ekspedisjonen (1933–35) og forskar ved West Base for United States Antarctic Program (1939–41). Han var sidan sleiar for to Texas Tech Shackleton Glacier Expedition (1962–63 og 1964–65) i området, og forskar for USARP i Marie Byrd Land 1966–67 og 1967-68.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Wade» frå , den 19. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Dufek Coast