Hallvard Eggset () var ein norsk langrennsløpar frå Alvdal. Han vart noregsmeister på femmila i 1947, og tok elles tre sølvmedaljar i ulike noregsmeisterskap.

Aktiv Eggset fekk sølvmedaljen på 15 km under NM på ski 1946, eit knapt minutt bakom Arve Ulseth frå Åmot. På 50 km, avvikla heime i Alvdal, vart han nummer seks og på 30 km nummer ni. Også i Holmenkollen vart han nummer seks på femmila. I 1947-sesongen gjekk han heilt til topps på NM-femmila, med sluttida 3.43.07 var han over seks minuttar føre nestemann på resultatlista, Thorleif Vangen.

I 1948 kom Eggset andreplassen på femmila under ski-NM og i Holmenkollen. I noregsmeisterskapen vart han slått av Magnar Estenstad med vel tre minuttar, men største prestasjonen for sesongen var femmilsløpet i Holmenkollen. Eggset vart slått av den sterke svensken Harald Eriksson med to minuttar og 25 sekundar, men hadde over fem minutt betre sluttid enn nest beste nordmann.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1946: Sølvmedalje på 18 km Ski-NM 1947: Gullmedalje på 50 km Ski-NM 1948: Sølvmedalje på 50 km i Strinda

Kjelder Aftenposten

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Alvdal