Mount Paget er eit fjell i Allardyce Range på Sør-Georgia. Det er det høgaste fjellet på øya og i alle områda som høyrer til britiske oversjøiske territorium. Høgare fjell ligg derimot i Britisk Antarktis, men dette kravområdet er ikkje internasjonalt anerkjent.
Fjellet er sal-forma og ligg sentralt på Sør-Georgia. Fjellet var kjend for tidlege sel- og kvalfangarar ved Sør-Georgia, og namnet har vore i bruk i lang tid. Det er godt synleg frå Grytviken og King Edward Point.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Paget» frå , den 20. april 2013. oppgav desse kjeldene: Stonehouse, B (red.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)
Paget, Mount