Mount Nivea er eit kjenneleg, snødekt fjell, 1265 moh, ved toppen av Sunshinebreen på Coronation Island i Sør-Orknøyane. Fleire toppar ligg på nordvestsida. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948-49, og vart namngjeven av dei etter snøpetrellen (Pagodroma nivea) som hekkar i området.
Kjelder
Kategori:Fjell på Sør-Orknøyane