Needle Peak er eit spisst, svart fjell på 370 moh. som ligg på vestsida av Brunow Bay på sørkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Det ligg søraust i forberga av Friesland Ridge på Rozhen Peninsula, 1 km sør-søraust for Ludogorie Peak og oppom Prespabreen i vest, Samuel Point i aust og sør, og Brunow Bay i nordaust.

Fjellet vart kalla Barnards Peak på kartet til James Weddell som vart publisert i 1825, men namnet Needle Peak gjeve av eit lag frå Discovery Investigations etter ei kartlegging i 1935 har sidan teke over. Namnet Barnard Point er i dag nytta om eit nes på søraustsida av False Bay.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Needle Peak på Livingston Island» frå , den 22. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell på Livingston Island