Himmelberg Hills er ei rekkje åsar med fleire utstikkarar ved sørvestenden av Saratoga Table i Pensacolafjella i Antarktis. Dei strekkjer seg over 11,5 nautiske mil. Her finn ein mellom andre Haskill Nunatak, 1710 moh, nær midten, og Ray Nunatak og Beiszer Nunatak i sørenden. Åsane vart kalla opp etter Glen R. Himmelberg ved geologiavdelinga ved University of Missouri–Columbia. Han gjorde petrologiske undersøkingar i lag med A.B. Ford (1973–91) i Antarktis og særleg Dufek-intrusjonen nord i Pensacolafjella.

Kjelder

Kategori:Åsar i Queen Elizabeth Land Kategori:Pensacolafjella