Eit Cooper-par eller BCS-par er to elektron (eller andre fermion) som er bundne saman ved låge temperaturar på ein måte som først vart skildra av den amerikanske fysikaren Leon Cooper. Cooper synte at ei vilkårleg liten tiltrekning mellom elektron i eit metall kan skape ein par-tilstand for elektrona der dei har lågare energi enn Fermienergien, som impliserar at paret er bunde til kvarandre. I vanlege superleiarar skjer denne bindinga ved vekselverknad mellom eit elektron og eit fonon. Cooper-par-tilstanden er ansvarleg for superleiing, som synt i BCS-teorien utvikla av John Bardeen, Leon Cooper og John Schrieffer, som dei fekk Nobelprisen i fysikk for i 1972.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cooper pair» frå , den 28. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Superleiing Kategori:Spinntronikk Kategori:Kvantefasar