Roald Tangen () var ein norsk fysikar og rekna som å vere den som starta norsk kjernefysisk forsking på partikkelakseleratorar.
Etter examen artium 1931 vart han siv.ing. i sterkstraum ved NTH i 1936. Han vart ein av mange assistentar til Johan Peter Holtsmark og bygde på 30-talet ein Van de Graaff-generator/akselerator. Han fekk dr.techn. frå NTH i 1948 på ei avhandling om korleis proton vert fanga av lette atomkjernar, og var professor i eksperimentell fysikk same stad 1948-52, etterfølgd av Njål Hole. Tangen gjekk til Universitetet i Oslo i 1952 for å overta professoratet etter Lars Vegard, og fekk ta med seg akseleratoren som han heldt til 1979. Tangen oppdaga kjerneresonans inni akseleratorane som av og til laga 3 millionar volt.
Verv og utmerkingar delegat ved SN-konferansen for fredeleg utnytting av kjerneenergi 1958 rådsmedlem i NAVF 1963–68 styremedlem ved Norsk Teknisk Museum generalsekretær i A/S Norsk Varekrigsforsikrings Fond innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1950 med i Finska Vetenskapssocieteten i 1972 riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1983 Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Roald Tangen» frå , den 29. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske sivilingeniørar Kategori:Folk frå Modum Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det finske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Norske kjernefysikarar