Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på vel 330 000 i 2013. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundreår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Historie mini|venstre|Historisk bilete av Sarajevo
Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken, vart den moderne byen til som ein ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet. Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.
Administrativ inndeling I tillegg til å vere hovudstad for staten Bosnia-Hercegovina er byen etter Daytonavtalen òg hovudstad i båe dei føderale einingane («entitetane») Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska). I praksis er likevel serbarrepublikken styrt med Banja Luka som de facto hovudstad.
Administrativt er byen delt i dei fire kommunane Centar, Novi Grad, Novo Sarajevo og Stari Grad. Ved folketeljinga i 2013 er òg kommunen Ilidža, som tidlegare var rekna som ein separat busetnad, rekna inn som ein bydel i Sarajevo.
Til storbyområdet for Sarajevo reknar ein heile kantonen Sarajevo, som er ein av dei ti kantonane som den føderale eininga Føderasjonen Bosnia-Hercegovina er delt inn i. I tillegg til dei fem kommunane innanfor sjølve byen, er då òg kommunane Hadžići, Ilijaš, Trnovo og Vogošća rekna med.
Folketal Folketalet i bydelane ved dei siste folketeljingane var:
Kommune Folketal 1991 Folketal 2013 Bydelen Centar 76 771 53 081 Bydelen Novi Grad 133 502 117 822 Bydelen Novo Sarajevo 90 780 63 952 Bydelen Stari Grad 48 744 36 339 Bydelen Ilidža 59 344 63 528 Sarajevo by 409 141 334 722
Kjelder Referansar
Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Bosnia-Hercegovina Kategori:Byar og tettstader i kantonen Sarajevo Kategori:Hovudstader i Europa