mini|høgre|Tre-skjers Kverneland løfteplog, med steinutløysar. Plog er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å snu torva, før det vert sådd eller planta. Føremålet med dette er å skjera av ugrasrøter og grava ned gamle planterestar for å unngå overføring av sjukdom til nye planter. Delvis nedbrotne planterestar frå tidlegare avlingar vert ført til overflata, der dei vert vidare brotne ned slik at næringsstoffa vert frigjorde og kan takast opp av nye planter. Bruk av tunge maskinar fører til at jorda vert pakka saman. Når torva vert snudd vert jorda løyst opp att og det kjem luft til, slik at bakteriane som bryt ned gamle planterestar får betre vilkår. Når torva vert snudd vert ho liggande i 45° vinkel og at det vert ope rom under. Dette fører til at vatnet i staden for å renna av, sig ned i grunnen når det regnar. Dette gjer at jordsmonet syg til seg meir vatn, som røtene på plantene så kan suga til seg. Om ein spreier gjødsel før ein pløyer får ein molda ned gjødsla i same operasjonen.
Tidlegare vart plogar dregne av eit trekkdyr, som ofte var ein hest. I industrialiserte land vert det i dag berre nytta traktorplogar, men i mange utviklingsland vert det framleis nytta trekkdyr for pløying. Moderne traktorplogar er konstruerte for større fart enn hesteplogar og tidlege traktorplogar.
Traktorplogar mini|høgre|Delane i ein plog: 1 Ås, 2 Feste, 3 Innstilling, 4 Rist, 5 Spiss, 6 Skjer, 7 Veltefjøl. mini|høgre|Tre-skjers løfteplog. 1 Ås, 2 Skumrist, 3 Steinutløysar, 4 Bereaksel, 5 Tårn, med toppstagfeste, 6 Spak for innstilling av fårbreidd, 7 Skiverist, 8 Spiss, 9 Skjer, 10 Veltefjøl. Ein plog har ein eller fleire plogkroppar, festa til ein ås (plogås), som igjen er festa til ei eller anna form for ramme, som i sin tur er festa til traktoren. Plogar med mange plogkroppar har ofte ei ein kraftig stålbjelke som plogåsane er festa til.
Plogkropp Kvart plogkropp er festa til ein ås. Plogkroppen (plogelementet) er sett saman av fleire deler: rista, skjeret, veltefjøla, langsida.
Åsen: Oppgåva til åsen er å danna eit stabilt feste for plogkroppen og trekkja han gjennom jorda. Moderne traktorplogar er ofte utstyrte med steinutløysar, som frigjer plogelementet og hindrar skade på det om det treffer jordfast stein eller røter. Åsen med plogelementet vippar då opp og går over hindringa. Steinutløysaren har ei blad- eller spiralfjør som pressar plogelementet tilbake til normal arbeidsstilling når hindringa er passert. Rista: Ein vertikal (knivrist) eller skiveforma kniv (kalla skiverist, eller rullekniv) som skjer sund torva i høveleg breidd frå kanten. Moderne plogar har vanlegvis skiverist, ei kvass skive som skjer sund torva, i staden for knivrist. Skiverista har den føremonen over knivrista at det ikkje samlar seg halm eller gamalt gras på rista. Om det ligg att mykje halm på åkeren kan det vera ein føremon med takka skiveristMangerud, K., Veien til bedre pløying, Høgskolen i Hedmark, Oppdragsrapport nr 4, 2009.. Det er òg vanleg med skumrist (skumfjøl), som skjer av kanten på velta og legg ho i botnen på fora, noko som gjer det lettare å horva utan å dra opp torv. Skjeret: Eit tilnærma horisontalt skjer som skjer laus velta i høveleg djupn og løftar ho litt opp, slik at ho glir inn på veltefjøla. Spissen på skjeret vender litt nedover, for at plogen skal søka seg nedover. Spissen er òg bøygd litt inn mot landsida. Spissen kan vera laga som eit separat stykkje, som kan skiftast ut uavhengig av skjeret, med ikkje alle plogar har separat spiss. Veltefjøla: Veltefjøla er vridd (skrueforma) slik at torva (velta) vert snudd. Lengda på veltefjøla avgjer korleis velta vert snudd. Ei lang veltefjøl legg velta utan å bryta ho sund, noko som kan vera ein føremon ved pløying av eng. Ei kort veltefjøl, derimot, bryt velta meir og fører til at jorda smuldrar opp, noko som kan vera ynskjeleg ved pløying av åker. Nokre jordsmon, som morenejord, kan føra til klebing og det er utvikla delvis opne veltefjøler (stripekropp) som skal hindra klebing. Det finst òg plastbelagte veltefjøler som kan nyttast under vanskelege tilhøve. Tidlegare var det vanleg med veltefjølforlengar, men dette trengst som oftast ikkje på moderne veltefjøler. Landsida: Plogkroppen vert pressa mot landsida (jorda) og oppgåva til landsida på plogkroppen, som er plassert på motsett side av skjeret på veltefjøla, er å ta opp denne krafta. Ploglekamen: Skjeret, landsida og veltefjøla er festa til plogåsen ned eit støypejarnstykke kalla ploglekamen.
Kopling til traktoren mini|høgre|5-skjers Kverneland løfteplog (vendeplog). mini|høgre|7-skjers Kverneland delboren vendeplog. mini|høgre|10-skjers Kverneland delboren vendeplog med ledd. Måten plogen er festa til traktoren på avheng av kor mange skjer plogen har.
Løfteplogar: Moderne plogar med eit til fem-seks skjer er som oftast løfteplogar, monterte i trepunktsopphenget til traktoren. Etter som trepunktsopphenget er utstyrt med automatisk djupnregulering treng ikkje løfteplogar å vera utstyrte med djupnhjul, sjølv om mange likevel er det. Nokre traktorar er no utstyrte med frontmontert trepunktsoppheng, slik at det er mogeleg å kombinera front- og bakmonterte løfteplogar. Men dette er enda ikkje vanleg. Delborne plogar: Store plogar med mange skjer er kopla til traktoren via trepunktsopphenget, men har i tillegg eit djupnehjul, med hydraulisk regulering, etter siste plogelement. Denne typen vert kalla «delboren», eller «semiplog». Når ein kjem til enden av fora vert framenden av plogen lyfta litt før bakenden, slik at alle skjera pløyer ut fora si. Likeeins, når ein tek til med ei ny for vert framenden senka fyrst og bakenden litt etterpå, slik at alle forene startar omtrent likt. Nokre semiplogar har styring på djupnehjuletBell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,, slik at det vert lettare å snu.
Ein åker er sjeldan heilt plan, så for at plogkroppane skal fylgja konturane til åkeren er store delborne plogar ofte sett saman av to deler, med eit ledd mellom. Dette er ofte plasser slik at 2/3 av plogkroppane er festa til den fremste delen og resten til den bakre. Det er da plassert ein aksling med eit eller to djupnehjul ved ledded. Heving/senking skjer då i tre operasjonar, fyrst fremre del av plogen, så midten og til slutt den bakre delen.
Slepeplogar: Plogar med svært mange skjer, dregne av store rammestyrte traktorar og beltetraktorar, er slepeplogar. Slike plogar kan ha opp til 14 skjer og vert ikkje nytta i Noreg, men vert i nokon grad nytta på store bruk i Aust-Europa og Nord-Amerika. For at plogkroppane skal fylgja konturane til åkeren er slike plogar ofte sett saman av fleire seksjonar, med ledd mellom, på same vis som store delborne plogar.
Vendeplogar Vendeplogar har to sett med plogkroppar, som snur kvar sin veg, slik at ein kan pløya begge vegar. Dette sparar tomkøyring og gjer at ein slepp ryggar i åkeren som ein får når ein pløyer i begge retningar med ein vanleg plog. Vendeplogar kostar meir i innkjøp, men etter som slitasjen vert fordelt på alle plogkroppane vert kostnadane på grunn av slitasje om lag som for ein vanleg plog. Vendeplogar er òg tyngre enn andre plogar og krev traktorar med kraftige trepunktsoppheng.
Vendeplogar kom tidleg i bruk lenger sør i Europa, som til dømes i Frankrike. Bruken av vendeplogar har auka dei siste tiåra og dei fleste produsentane leverer no vendeplogar. I brattlendte strøk freistar ein som oftast å legga velta mot bakken, for å hindra at åkerjorda vert ført nedover. Ein kan då ikkje pløya begge vegar utan å nytta vendeplog.
Skumplogar mini|høgre|4-skjers skumplog. Denne progtypen blir av og til nytta for å fjerna ugras og for å molda ned gjødselT.J. Bauer, Jordbruksredskaper og -maskiner gjennom 200 år 1770-1970, Gamle Hvam Museum, 2000.. Nokre skumplogar har symmetriske plogkroppar, som vert roterte om den vertikale aksen når ein endrar pløyeretning; dei blir då ofte kalla «svinglogar». Dei har ei noko enklare og billigare oppbygging enn vendeplogar, men gjer ikkje like bra arbeid på alle jordtypar. Leire og fuktig jord er spesielt problematiske. Denne plogtypen er difor ikkje så utbreidd.
Skiveplogar mini|høgre|Pløying med skiveplog rundt 1920. Skiveplogar har konkave skiver som står på skrå i køyreretninga, i staden for skjer og veltefjøler. Skiveplogar vender ikkje furene og er i den forstand eigenleg ikkje å rekna som plogar. Ved pløying av åker har dei den føremonen at dei ikkje dreg med seg halm, men dei er ikkje brukbare for å pløya opp eng. I motsetnad til vanlege plogar har dei inga landside til å ta opp sidekrafta. Det oppstår difor ei vridande kraft (dreiemoment) som freistar å vri traktoren sidevegs. For å motverka dette dreiemomentet vert det ofte plassert ei skålhorv etter skiveplogen, med skåler som vender motsett veg. I dag har skiveplogar langt på veg vorte erstatta av skålhorver.
Pløyedjupn og fårbreidd Kor djupt ein pløyer avheng av fleire faktorar, som jordsmon, klima og kva ein dyrkar. Det vanlegaste er å pløya til ei djupn på 20 — 25 cm. Dette vert ofte kalla normaldjupn. Om ein pløyer til ei djupn på 25 – 30 cm vert det kalla djuppløying. I nokre samanhengar kan ein nøya seg med å pløya til ei djupn på berre 12 – 17 cm (grunnpløying) . Grunnpløying fører til snøggare nedbryting av gamle planterestar, men forsøk har synt at ei djupn på meir enn 20 cm aukar avlinga med rundt 5 % . Ulempa med å pløya djupt er at drivstoffforbruket aukar, slik at noko av vinninga med større avling går ut at i større drivstoffutgifter. Breidda på fåra, og difor på skjeret, må stå i høve til pløyedjupna, så di djupare ein pløyer di større bør breidda på fåra vera. For hestplogar har ein kome fram til at eit breidd/djupn-tilhøve på 10:7 vert rekna som høvelegBridgden, R., Ploughs and ploughing, Shire Publishing, 1984.. Ei pløyedjupn på 20 cm bør etter dette krevja ei skjerbreidd på 28 cm. Aukar ein djupna til 25 cm høver det med ei skjerbreidd på 35 cm. For traktorplogar kan 35 cm vera eit brukbart alternativ for normaldjupn. Det er viktig at traktoren har rett sporvidd og at plogen er rett innstilt før eit tek til. Ein plog som er feil innstilt gjev dårleg resultat og auka drifstoffforbruk. Om det er rust på veltefjøla bør det fjernast med ein vinkelslipar med fiberskive, for å unngå klebing.
Nydyrkingsplogar mini|venstre|Ottomeyer-plogen i 1948. mini|høgre|Ottomeyer-plogen utstilt ved myrmuseet i Hesepe. For å pløya opp myr i samband med nydyrking vert det av og til nytta plogar i staden for grøfting. Nokre stadar ligg det sand under myra og då kan ein, om ein pløyer djupt nok, blanda inn sand i myrjorda og slik å auka dreneringsevna.
Ein av dei største dyrkingsplogane som er laga vart konstruerte av Wilhelm Ottomeyer i Bad Pyrmont i Niedersachsen i Tyskland sist på 1940-talet. Ottomeyer-plogen kunne pløya til ei djupn på 145 cm og førte til store innsparingar. Plogen vart dregen av ein ombygd Fowler damptraktor med vinsj'Ottomeyer Mammut Plough & Giant Steam Engines', YouTube. (vitja 17/11-2019). I perioden 1950 til 1970 var Ottomeyer-plogen i drift i Emsland i Niedersachsen. Plogen står no på Emsland Moormuseum i Hesepe. Det finst òg ein nyare versjon av plogenTiefpflug "Mammut" der Firma Ottomeyer/Pyrmont im Emsland, YouTube. (vitja 17/7-2012).
På jord med betre bereevne enn myr vert det ofte nytta beltetraktorar for å trekkja nydyrkingsplogar.
Historie
mini|høgre|Pløying med hestar i Fahrenwalde i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland.
Plogar for trekkdyr