Birger Johannes Ruud () var ein norsk skihoppar og alpin skirennar frå Kongsberg. Han vart verdsmeister i hopp i 1931, 1935 og 1937, og olympisk meister i øvinga under Vinter-OL 1932 og Vinter-OL 1936. Ruud var medlem i Kongsberg Idrettsforening, der også brørne Sigmund og Asbjørn Ruud utmerkte seg.
Idrettsmann Birger Ruud, som var son til kommunekasseraren i heimbyen, er den mest segnomsuste skihopparen frå 1930-40-åra. Han fekk sitt store gjennombrot då han 18. februar 1931 vann det spesielle hopprennet under Ski-VM 1931, med god margin til konkurrentane. Etter eit hopp på 56,5 meter i fyrste omgang, stod han for dagens lengste hopp med 58 meter («aldeles nydelig») i den andre omgangen. Året etter sigra han i den olympiske hopptevlinga i Lake Placid.
Vinteren 1934 vart Ruud fyrst tyrolarmeister i hopp, før han i mars sikra seg sin einaste triumf i eitt Holmenkoll-renn. I 1935 vart han både tysk meister i utfor, sachsisk meister i skihopping og verdsmeister i skihopping. Dessutan fekk han VM-bronse i alpin kombinasjon i Mürren.
OL-sesongen 1936 forsvarte Ruud i Garmisch-Partenkirchen den olympiske meistertitelen i skihopping. Tidlegare i leikane var han bestemann i utforløypa, men eit svakare slalåmrenn gjorde at han enda på fjerdeplassen i den alpine kombinasjonen. Nokre veker seinare i Holmenkollbakken måtte han på ny sjå seg slått av tre mann, Reidar Andersen sigra.
I 1937-sesongen kom Ruud på andreplass i skihopp ved Hovudlandsrennet (=noregsmeisterskapen), Andersen tok fyrsteplassen. Under verdsmeisterskapen vart Ruud verdsmeister i øvinga og Andersen nummer 2. I Holmenkollen vann Andersen, Ruud enda på tredjeplass. Samstundes vart Ruud, Olaf Hoffsbakken og Martin P. Vangli tildelt Holmenkollmedaljen.
Vinteren 1938 heldt Birger Ruud til i USA, der han vart amerikansk meister i skihopp. I 1939 vart han noregsmeister for fyrste og einaste gong, men måtte ta til takke med sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Zakopane. Han sigra så i hoppbakken i Lahti. Sidan tok Ruud bronsen i skihopping ved noregsmeisterskapen 1940, same medaljevalør fekk han i 1947 og -48.
Motstandsmann og atter idrettsutøvar Under andre verdskrigen vart Ruud i 1943 sett i tysk fangeleir på Grini ved Oslo. Etter verdskrigen deltok han, 36 år gammal, i OL i 1948. På sigerspallen etter hopptevlinga stod tre nordmenn, der gull og sølv gjekk til Petter Hugsted og Birger Ruud, to klubbkameratar frå KIF, Etter 1949-sesongen la Ruud vekk hoppskia.
Ymse Så seint som i 1991 vart Ruud tildelt Egebergs Ærespris. Ved opninga av Vinter-OL 1994 på Lillehammer skulle Ruud ha vore norsk flaggheisar, men før opningsseremonien fekk han smertar i hjartet og vart frakta til sjukehus. I Kongsberg er det reist ein bronsestatue av Ruud.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1931: Gullmedalje i skihopp i Oberhof-VM 1932: Gullmedalje i skihopp i Lake Placid-OL 1935: Gullmedalje i skihopp i Vysoke Tatry-VM 1935: Bronsemedalje i alpin kombinasjon i Mürren-VM 1936: Gullmedalje i skihopp i Garmisch-Partenkirchen-OL 1937: Gullmedalje i skihopp i Chamonix-VM 1939: Sølvmedalje i skihopp i Zakopane-VM 1948: Sølvmedalje i skihopp i St. Moritz-OL
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1939: Gullmedalje 1940: Bronsemedalje 1947: Bronsemedalje 1948: Bronsemedalje
Kjelder Magnus Breili:Sport i navn og tall. 1971
Bakgrunnsstoff Birger Ruud - Ski Jumping Hero, Sidene til IOC, på engelsk Skikongen Birger Ruud er død, melding i Dagbladet Bronseskulpturen i Kongsberg
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske alpinistar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1932 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1932 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1936 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1936 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1936 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1936 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1948 Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Norske konsentrasjonsleirfangar under andre verdskrigen