Pyralidar (Pyralidae) er ein insektfamilie i sommarfuglordenen. Han inneheld sommarfuglar, eller møllar, med smale framvenger og breie, trekanta bakvenger, hovudsakleg i fargane grått, brunt og gult. Dei har vengespenn på mellom 15 og 30 mm. Dei to fremste ribbene i bakvengene er samanvaksne, noko som er eit viktig kjenneteikn for gruppa. Beina deira har torner og er nokså lange. Høyreorgana sit på bakkroppen.
mini|venstre|Larve av Hypsipyla grandella, som lever av nye skot på mahogni- og sedertre. Dei fleste pyralidane har lita tyding for menneske. Nokre av dei kan vera skadedyr for visse plantar og planteprodukt, som bartreborkmøll, daddelmøll, grankonglemøll, kakaomøll, kålpyralide, stikkelsbærpyralide og voksmøll. Ein del typar blir avla fram som fôr til husdyr som reptil og fuglar. Dei blir også brukt som åte til fiske.
Systematikk mini|upright=1.1|Mjølsmalmott Ephestia kuehniella kan vere vanskeleg å bli kvitt inne når stadig nye generasjonar forpuppar seg i småsprekker og legger egg i matvarer. mini|Mikroskopbilete (SEM) av hovudet til ein pyralide.
Ein reknar vanlegvis med fem underfamiliar innan Pyralidaei dag. Ei gruppe, Acentropinae (eller Nymphulinae), som tidlegare blei rekna med i familien, blir somme tider framleis plassert her.
Chrysauginae (medrekna Bradypodicolinae, Semniidae) – rundt 400 artar, hovudsakleg frå den neotropiske regionen. Larvane livnærer seg vanlegvis av plantar, men nokre har meir uvanlege levemåtar. Nokre av dei lever i tett samband med maur, medan andre lever av og på dovendyr.
Galleriinae (medrekna Macrothecinae) – rundt 300 artar.
Pyralinae (medrekna Endotrichinae, Hypotiinae) – rudnt 900 artar, særleg i den gamle verda.
Epipaschiinae (medrekna Pococerinae) – over 550 skildra artar i tropiske og tempererte regionar (bortsett frå Europa). Larvane ruller, bind fast eller grev i blad. Nokre artar er milde skadedyr mot kommersielle avlingar.
Phycitinae (medrekna Anerastiinae, Peoriinae) – over 4000 artar fordelt på over 600 slekter. Truleg den vanskelegaste pyralidegruppa å identifisera og klassifisera.
Ein del slekter er ikkje plasserte inn i dette systemet. Nokre av dei høyrer truleg inn i andre grupper som Crambidae eller Obtectomera. Andre kan vera synonym for allereie plasserte grupper.
Apocabimoides Neunzig & Goodson, 1992 Ardjuna Roesler & Küppers, 1979 Cabimoides Neunzig & Goodson, 1992 Cryptophycita Roesler & Küppers, 1979 Cryptozophera Roesler & Küppers, 1979 Delcina Clarke, 1986 (Phycitinae?) Eupassadena Neunzig & Goodson, 1992 Gomezmenoria Agenjo, 1966 Gunungodes Roesler & Küppers, 1981
Indocabnia Roesler & Küppers, 1981 Inverina Neunzig & Goodson, 1992 Kasyapa Roesler & Küppers, 1981 Kaurava Roesler & Küppers, 1981 Kumbhakarna Roesler & Küppers, 1981 Merangiria Roesler & Küppers, 1979 Ohigginsia Neunzig & Goodson, 1992 Pseudopassadena Neunzig & Goodson, 1992 Psorozophera Roesler & Küppers, 1979
Kjelder
«pyralide» i Norsk Landbruksordbok (1979), umb.no «pyralider» i Store norske leksikon, snl.no
Denne artikkelen bygger på «Pyralidae» frå , den 5. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
Pyralidae ved Lepidoptera.pro
Kategori:Sommarfuglar