mini|Teplantasjar ved byen Muyu i Shennongjia mini|Plasseringa av Shennongjia (gul) i Hubei

Shennongjia (kinesisk skrift 神农架林区; pinyin Shénnóngjià Línqū) er eit skogsdistrikt på fylkesnivå heilt vest i provinsen Hubei i Folkerepublikken Kina, på grensa mot Chongqing. Distriktet ligg direkte under provins-styresmaktene. Shennongjia har eit areal på 3 253 km² og hadde 76 410 ibuarar i 2010. Eit naturreservat som vart etablert i 1986 dekker eit område på 2 618 km².

Landskapet Shennongjia er dominert av skogkledde fjell og djupe dalar. Høgste toppane i fjellkjeda Daba Shan, som når opp 3 105 meter over havet, ligg innanfor distriktet. Dei store naturlege variasjonane i området gjev veksttilhøve for mange ulike plantevekstar, kinesiske botanikarar har påvist 3 479 høgreståande planter innanfor eit avgrensa felt.Ingentaconnect

Shennongjia er det einaste landområdet i Kina med status som administrativt skogdistrikt.

Notar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shennongjia» frå , den 6. mai 2013.

Kategori:Hubei