Ranheim IL fotball Topp (RIL) (stifta 17. februar 1901), betre kjent som Ranheim Fotball, er ein norsk fotballklubb frå bydelen Ranheim i bykommunen Trondheim i Sør-Trøndelag, og frå 4. februar 2010 eit eige idrettslag under allianseidrettslaget Ranheim Idrettslag.
Ranheim spelar i den nest høgaste divisjon i Noreg, OBOS-ligaen (2020). Laget har tidlegare spelt i Norgesserien og Hovedserien, men spelte i 2009 i 2. divisjon avdeling 4.
Noverande hovudtrenar er .
Historie Hovudlaget Ranheim Idrettslag vart stifta 17. februar 1901.
Ranheim spelte i Norgesserien sesongane 1937/38, 1938/39, 1939/40 og 1947/48, og i Hovedserien sesongane 1949/50, 1952/53, 1954/55 og 1955/56. Stordomstida til Ranheim var på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet. Organisasjon I tillegg til at Ranheim Fotball er ein del av alliansen til Ranheim Idrettslag, er òg sjølve klubben delt inn i ulike avdelingar for fotballaktivitet. Det er tre hovudskilje; toppfotball, breiddefotball og miljøfotball, der toppfotballen er representert ved herrelaget og eliten blant juniorane, breiddefotballen ved kvinnelaget og diverse aldersbestemte lag bak elitelaget i juniorklassen og miljøfotballen ved lag for funksjonshemma, veteranar og øvrige.
Klubbfilosofi Ranheim som idrettslag har i lang tid vore sentral i trøndersk og norsk idrettshistorie. Det er derimot fotballavdelinga som er den største greina i idrettslaget, og skal verke som eit knutepunkt mellom dei andre greinene i organisasjonen slik at det vert skapt samhald og tilhøyrsle i lokalområdet. Basert på gamle tradisjonar og nye impulsar skal fotballavdelinga vere i stadig utvikling, både sportsleg og organisatorisk.
Hovudmålet til Ranheim har i lang tid vore å rykke opp i og etablere seg i Adeccoligaen. Samstundes er klubben klar på at de ikkje vil bruke pengar dei ikkje har. Før opprykket til Adeccoligaen var hovudtrenar Per Joar Hansen opptatt av at Ranheim ikkje skulle ha heiltidsspelarar i 2. divisjon, då høge spelarlønningar og ekspansiv økonomi ofte har ført til økonomisk krise i andre klubbar. Òg etter opprykkssesongen gjekk Ranheim inn for å redusere spelarlønningane føre sin første sesong i Adeccoligaen, trass opprykk til noko som per definisjon vert kalla toppfotball med medførande mindre tid til jobb og skule ved sida av. Dette såg ut til å føre til ein spelarflukt frå klubben, og det var då òg ein del som drog, men etter kvart signerte dei fleste av dei som var ønska med vidare ny kontrakt. Ranheim budsjetterte med 7,6 millionar kroner for debutsesongen i Adeccoligaen, ein auke på i underkant av tre millionar i forhold til førre sesong.En eim av Petterøe's Blå. Adresseavisen 10. april 2010. Lest 13. mai 2013.
Eit anna viktig haldepunkt for Ranheim er at spelarane skal ha sterk lokal tilknyting til klubben. Det vert sikta mot ein såkalla Athletic Bilbao-profil, der spelarstallen skal bestå av minst 90 prosent trønderar. For Ranheim omfattar det å vere klubb nummer to i Trondheim og Trøndelag dermed at dei beste trønderske spelarane under sitt nivå – eller eventuelt Rosenborg-spelarar som treng ein passande arena for utvikling – samlar seg i klubben, slik at Ranheim sitt nivå blir merkbart betre enn rivaliserande lag på same eller lågare nivå i divisjonane i fotballhierarkiet.
Stadion
Heimebanen til Ranheim heter DNB Arena, tidlegare kjent som Ranheim Stadion. Den offisielle rekorden er på rundt 7 500, frå då Ranheim spelte ein avgjerande kamp for å vinne førstedivisjon i Trøndelag 30. mai 1949 mot .En eim av Petterøe's Blå. Adresseavisen 10. april 2010. Lest 10. april 2010.
Banen har gjennomgått diverse modifikasjonar sidan den gong, mellom anna innføring av grasbane i 1939 og gjenoppbygging av stadionet etter andre verdskrigen. I høvet opprykket til Adeccoligaen skal stadionet på nytt vidareutviklast. Dei seks første heimekampane til Ranheim i Adeccoligaen vart spelt i Abrahallen. Første heimekamp for Ranheim i Adeccoligaen vart følgt av 490 betalande publikummarar i Abrahallen 11. april 2010.
Merittar Seriemeisterskap (0) 2. divisjon (1): 2009
Cupmeisterskap (0) Kvartfinale (1): 2010
Anna Vinterserien: 2006, 2007 og 2008
Toppscorarar ÅrNamnMål2007Geir Holthe192008Geir Holthe152009Geir Holthe142010Robert Stene102011Jo Sondre Aas16
Trenarar TrenarPeriodeKåre Ingebrigtsen 2006–2007Tore Grønning 2007–2008Per Joar Hansen 2008–2010Aasmund Bjørkan 2011–2012Trond Nordsteien 2013-
Profilar Johan Saksvik Tore Grønning Robin Straumbotn Gunnar Guldberg Jan Hansen Fredrik Winsnes Peder Winsnes Steinar Sørlie Robert Vikestad Andreas Lindberg Vegard Voll Martin Grønning Nicholas Lyngmo Robert Stene Geir Holthe Kenneth Dokken Michael Jamtfall Daniel Krogstad Ivar A. Sandvik Tom Erik Nordberg Jo Sondre Aas Eirik Malmo
Seriestatistikk 2005: 8. plass (2. divisjon avdeling 4) 2006: 3. plass (2. divisjon avdeling 2) 2007: 3. plass (2. divisjon avdeling 2) 2008: 2. plass (2. divisjon avdeling 2) 2009: 1. plass (2. divisjon avdeling 4) 2010: 5. plass (Adeccoligaen)
Bøker RIL Idrett gjennom 100 år av John A. Larsen
Sjå òg Trondheim Ranheim Ranheim Idrettslag Ranheim Skiklubb Forza Ranheim DNB Arena
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ranheim Fotball» frå , den 13. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
Supporternettstad
Kategori:Fotballag i Trondheim Kategori:Fotballag skipa i 1901 Kategori:1901 i Noreg Kategori:Eliteserien i 2020