Michelson-Morley-eksperimentet var eit eksperiment utført av Albert Michelson i Berlin i 1881 etter eit tidlegare forslag av James Clerk Maxwell. Eksperimentet vart gjenteke og forbetra av Michelson og og Edward Morley i Cleveland i 1887, og vert omtala som Michelson-Morley-eksperimentet.
I eksperimentet prøvde dei å påvise den relative rørsla til materie gjennom den stasjonære eteren. Dei negative resultata er generelt rekna som dei første sterke bevisa mot den då rådande eterteorien, og sette i gang forsking som førte til spesiell relativitet, der omgrepet stasjonær eter ikkje spelar noko rolle. Eksperimentet har vorte omtalt som «startskotet for den andre vitskaplege revolusjonen».
Eksperimentet har vorte utført på nytt av mange andre seinare med stadig større grannsemd. Desse omfattar eksperiment frå 1902 til 1905 og ei rekkje eksperiment i 1920-åra. I tillegg har nyare resonatoreksperiment stadfesta at det ikkje finst noko etervind ved 10−17-nivået. I lag med Ives–Stilwell- og Kennedy–Thorndike-eksperimentet dannar det ein av dei grunnleggande testane for teorien om spesiell relativitet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michelson–Morley experiment» frå , den 19. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
Earl R. Hoover, Cradle of Greatness: National and World Achievements of Ohio's Western Reserve (Cleveland: Shaker Savings Association, 1977)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eterteoriar Kategori:Fysiske eksperiment Kategori:Spesiell relativitet Kategori:Vitskap i 1887