mini|«Heere begynneth the knyghtes tale». Side frå Ellesmere-manuskriptversjonen av Geoffrey Chaucer sitt verk Canterbury Tales. Engelsk litteratur kan visa til all engelskspråkleg litteratur, men kan i snevrare forstand visa til litteratur skriven i eller rundt England på moderne engelsk, mellomengelsk eller gammalengelsk. Litteraturen har gått gjennom ei rekkje språklege og stilistiske endringar med innspel frå fleire andre tradisjonar, frå gammalengelsk dikting med bokstavrim og fornyrdislag til mellomengelske riddarromanar etter fransk/normannisk tradisjon til verk frå renessansen, klassisismen og seinare påverka av klassisk gresk og latinsk litteratur. Moderne engelsk litteratur var mellom anna sentral i utviklinga av romansjangeren og av kriminallitteratur.
Sentrale forfattarar innan denne litteraturen er Geoffrey Chaucer, ein av dei første som skreiv litteratur på mellomengelsk; William Shakespeare, verdskjend for skodespel, dikt og ei rekkje språklege nyvinningar, barokkdiktaren John Milton som hadde stor tyding både i samtida og ettertida, nyskapande romanforfattarar som Jane Austen og Charles Dickens, romantiske diktarar som William Wordsworth og John Keats, og frå Det britiske imperiet og den postkoloniale tida betydelege innvandra forfattarar som Rudyard Kipling, Joseph Conrad, Doris Lessing og V.S. Naipaul.
Mellomalderen Gammalengelsk (500–1150)
mini|Det første manuskriptarket av diktet Beowulf.
Den gammalengelske (eller angelsaksiske) perioden varte frå ca. år 500 til 1150, men ei tradisjonslinje varte fram mot 1250.
Kandidatar til den eldste bevarte gammalengelske teksten er Cædmons hymne, eit alliterativt dikt på ni linjer til Guds ære, og runeinnskriftene Ruthwell Cross og Franks Casket. Sistnemnte blei sannsynlegvis laga i eit nordengelsk kloster ikkje lenge etter at angelsaksarane var blitt kristna, og viser ei sterk interesse for å finne samband mellom den heidne fortida og den kristne bodskapen.Franks Casket på British Museum, besøkt 14. september2009
Drømmen om Kristi kors (engelsk «The Dream of the Rood») er eit døme på eit mellomaldersk draumdikt (jamfør det norske Draumkvedet). Det er eit kort religiøst dikt frå rundt år 700 som skildrar krossfestinga av Jesus frå krossen sin synsvinkel.
Den munnlege tradisjonen var særs viktig under den tidlegaste engelske kulturen, og dei fleste litterære verka blei dikta med tanke på munnleg framføring. Episke dikt var omtykte og mange, mellom anna Beowulf, har overlevd til i dag. Språket og litteraturideala i den rike angelsaksiske litteraturen frå denne tida låg ganske nært norrønt.
Den første skrivne litteraturen går tilbake til dei tidlege kristne klostera grunnlagde av Augustin av Canterbury og hans disiplar. Mange av dei angelsaksiske versa som er blitt bevart nedskrivne i seinare manuskript er truleg ei tilpassing av eldre kontinentale kvad eller germanske krigsdikt. Då slike dikt kom til England blei dei overlevert munnleg mellom generasjonane, og den stadige bruken av stavrim (rim på konsonantar) hjelpte angelsaksarane til å hugsa dikta. Slike rim er typiske for germanske språk, mens vokal- eller enderim er typiske for romanske språk.
Mellomengelsk (1150–1500)
mini|Illustrasjon frå ei forkorta utgåve av Brut av Wace. Denne viser korleis Stonehenge blir bygd med Merlin sin hjelp. Den normanniske invasjonen av England i 1066 førte til at England fekk ein ny fransktalande herskarklasse, og det angelsaksiske folkespråket og det franske hoff- og adelsspråket smelta etterkvart saman til mellomengelsk. Ei av dei viktigaste endringane var at bøyingsendingar fall bort, og dette reduserte i dei fleste tilfella talet på stavingar. Til dømes blei knightes i to stavingar til knights i éi staving. Denne endringa fekk store følgjer for versedikting.
Brut er ein mytisk krønike som skildrar britisk historie frå Britannia skal ha blitt grunnlagd av Brutus av Troja. Ho dekkjer også soga om kong Artur, og er første gong ein nemner riddarane av det runde bordet i engelsk litteratur. Presten Layamon dikta om mellom anna det anglo-normanniske verket Roman de Brut av Wace til mellomengelsk. Brut er bevart i nesten 200 mellomengelske manuskript, i tillegg til eit dusintals anglo-normanniske og latinske versjonar.
Den første store engelske forfattaren, Geoffrey Chaucer (1340–1400), skreiv på mellomengelsk. Hans mest berømte verk er Canterbury-forteljingane, ei rammeforteljing der rundt 30 pilegrimar på veg frå London til erkebiskop Thomas Becket sin gravstad i Canterbury fortel kvarandre historier. Chaucer var inspirert av den litterære utviklinga andre stader i Europa, særleg i Italia, og Canterbury-forteljingane står mellom anna i gjeld til Dekameronen, ei liknande samling forteljingar frå reisande. Pilegrimane til Chaucer kjem frå alle lag av folket, noko som viser igjen både i språket og innhaldet i forteljingane.
I den mellomengelske fasen fanst det ikkje dramatikk i seinare shakespearsk forstand, berre religiøse spel i form av Mystery Play (dramatisering av bibelforteljingar), Morality Play (allegoriske framstilling av kampen mellom dygd og synd) og Interlude (høviske vidareutviklingar av Morality Play med humanistisk og politisk innhald). I tillegg kom folkelege festtradisjonar som maskespel, karneval og liknande.
Tidleg moderne tid – renessansen (1500–1649) mini|Byrjinga av Ein midtsommarnattsdraum. av Shakespeare i First Folio (1623). I perioden mellom Canterbury-forteljingane (ca. 1390) og tudortida (1485–1558) endra det engelske språket seg sterkt. Mange ord fekk færre stavingar, det store vokalskiftet fann stad, og betoning og trykk flytta seg. Mellomengelsk blei til moderne engelsk. Store politiske og religiøse endringar fann også stad, noko som kom til syne i den engelske renessanse-litteraturen: Tudorkongane Henrik VII (1485–1509) og Henrik VII (1509–1547) gjennomførte ei vidtgåande maktsentralisering i strid mot høgadelen og kyrkja, og Henrik VIII gjorde seg sjølv til overhovud i den nye anglikanske kyrkja. Sentrale namn i den nye engelske litteraturen under tidleg tudortid er Thomas Wyatt og Henry Howard, grunnleggjarane av den engelske renessansepoesien med sonetter og blankvers.
Under Elisabet I si regjeringstid (1559–1603) opplevde England ei velstandstid som også gav seg uttrykk i ein rik litteratur, den såkalla elisabethanske tidsalderen med William Shakespeare som den viktigaste representanten. Shakespeare var kjend både for sonettar og skodespel, og er gått inn i ettertida som eit av dei største namne i engelsk litteratur. Under Elisabet og etterfølgjaren Jakob I (regjeringstid 1603-1625) blomstra den engelske renessansen også med forfattarar som Francis Bacon, Christopher Marlowe, Edmund Spenser, John Donne og Ben Jonson.
Med reformasjonen i England blei liturgien i kyrkja engelsk i staden for latin, og dette gav impulsar til meir religiøs litteratur på morsmålet. Altarboka Book of Common Prayer frå 1549 og King James-Bibelen, ei bibelomsetjing frå 1600-åra, fekk stor tyding for engelsk litterært språk i lang tid framover.
Ei anna stor forandring var oppfinninga og utbreiinga av boktrykkarkunsten. Under eit opphald i Köln frå 1471 til 1472 lærte William Caxton å trykka bøker, og i 1474 gav han ut dei første trykte bøkene på engelsk. Endringane førte til at ein kunne omsetja og distribuera litteratur raskare. Særleg italiensk renessanselitteratur blei eit førebilde for mange engelske forfattarar. Ein kunne også gå bort frå verseforma, som var lettare å hugsa i munnleg form, til å skriva rein prosa.
John Donne er den viktigaste representanten for metafysisk poesi tidlege på 1600-talet. Metafysisk poesi var påverka av den kontinentale barokken, og emneområde var både kristen mystikk og erotikk. Diktinga tok i bruk ukonvensjonelle eller «upoetiske» bilde, som ein passer eller ein mygg, for å oppnå overraskande effektar. I tillegg til denne metafysiske poesi var 1600-talet også kjent for ein barokkpoesi som lik bildekunsten i perioden skulle vera luftig, dramatisk, episk og religiøs. Mange av desse poetane var opent katolske (spesielt Richard Crashaw) og skreiv poesi for den katolske motreformasjonen i håp om å skape høgvyrd mystikk som skulle få protestantar tilbake til den «sanne» trua.
Karolinsk og cromwelliansk litteratur – 1600-talet Den politiske litteraturen blomstra i England under dei turbulente åra rundt den engelske borgarkrigen på midten av 1600-talet. Politiske sympatisørar av kvar fraksjon skreiv pamflettar som inneheldt vondskapsfulle personlege og polemiske åtak og alle former for propaganda, men også vidløftige planar om å reformere statsskikken. Leviathan av Thomas Hobbes tilhøyrde den siste typen. Verket er i dag rekna som det viktigaste innan britisk politisk filosofi.
I perioden kom også ei mengde såkalla nyheitsbøker, forløparane til nyheitsavisene, der journalistar som Henry Muddiman, Marchamont Needham og John Birkenhead representerte synspunkta og dekte aktivitetane til dei stridande partane. Mange forfattarar blei fengsla og bøkene deira beslaglagde. Dette førte i første omgang til at mange bøker blei trykte i løynd eller i utlandet, og seinare til forslag om eit lisens- og kontrollsystem. John Milton sin politiske pamflett Areopagitica var skriven i opposisjon til lisensiering og blir sett på som eit av dei mest veltalande forsvar for ytringsfridom nokonsinne.
Andre litterære former som var i bruk i denne perioden blir vanlegvis gjevne politiske undertekstar (med meining «mellom linjene»), eller blir grupperte etter den politiske orienteringa til forfatterane. Kavalérdiktarane, som hovudsakleg var aktive under Karl I like før borgarkrigen, stod i gjeld til den tidlegare generasjonen metafysiske poetar. For Izaak Walton blei tvangspensjoneringa av hoffet etter avrettinga av Karl I eit gode ettersom det gav han høve til å skriva boka The Compleat Angler (1653). Boka er i overflate ei rettleiing i sportsfiske, men inneheld også ein meditasjon over livet, fritid og å vera fornøgd med det ein har. Dei to viktigaste poetane i protektoratet under Cromwell var Andrew Marvell og John Milton. Begge skreiv verk som prisa det nye styret, som Marvells «An Horatian Ode upon Cromwell's Return from Ireland».
Litteraturen under restaurasjonen (1660–1700)
mini|Illustrasjon og tittelbladet til The Pilgrim's Progress (tredjeutgåva frå 1679). mini|Illustrasjon til ei oppføring av Oroonoko frå 1776. Skodespelet bygde på Aphra Behn sin roman av same namn.
Litteraturen under restaurasjonen omfattar mellom anna John Milton sitt filosofiske Det tapte paradis og jarlen av Rochester sin seksuelle satire Sodoma, William Wycherley sin samfunnskritiske komedie The Country Wife og John Bunyan sin moralske Pilgrim's Progress. John Locke utmerka seg med si Treatises of Government og John Dryden med nyskapande litteraturkritikk.
Sensuren og dei radikale moralstandardene under det puritanske regimet til Cromvell førte til eit avbrot i den litterære tradisjonen, men også til ein ny start for alle litterære former etter restaurasjonen. Under protektoratet til Cromwell levde Karl II og lojale følgjarar tilknytte han i eksil på kontinental-Europa, slik at dei fekk nærkontakt med mellom anna spanske skodespel og nederlandsk merkantilisme og rasjonalistisk prosadebatt som føregjekk i det offisielt tolerante Nederland.
Den største og viktigaste poesiforma på denne tida var satiren. Denne blei vanlegvis gjeven ut anonymt ettersom forfattaren kunne risikera stor fare, både gjennom den finmaska injurieloven og gjennom direkte vald som svar på satiren. John Dryden blei til dømes fysisk angripen fordi han var mistenkt for å ha skrive Satire on Mankind.