Språkisolat er språk som ikkje har påvist slektskap til andre språk. Slike språk blir ofte utsette for ekstra mykje gransking og ville teoriar: Kor kom dei frå? Kvifor har dei vorte isolerte? Er ainu i slekt med baskisk?
Grensa mellom språkfamiliar og språkisolat er utydeleg sidan det ikkje finst noko eintydig definert skilje mellom dialektar og språk. Ein språkfamile med berre nærskylde språk kan potensielt reknast som eit språkisolat med dialektar som skil seg sterkt frå kvarandre.
Liste over språkisolat Ainu Baskisk Burusjaskisk Elamittisk Etruskisk Hadza Iberisk Jalaa Japansk Ketisk Koreansk Kwadi Laal Meroittisk Nahali (Kalto) Nivkh (Gilyak) Ongota (Birale) Oropom Pirahã Sandawe Shabo (Mekejir) Sumerisk Taiap Taraskisk Ticuna Yukhagir
Kjelder
Kategori:Språk Kategori:Lingvistikk Kategori:Språkfamiliar