Alessandro Mazzola, kjend som Sandro Mazzola (), er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Torino. Frå sin posisjon son indre høgre var han ein av dei aller beste fotballspelarane i Italia på 1960- og 70-talet, med framifrå evner som pasningsleggar og ballkontrollør. To gongar, 1964 og 1965, var han med på Inters sigrar i Europacupen og vann dessutan fire seriemeisterskap med Grande Inter. Mazzola spela 70 landskampar for Italia og skåra 22 mål. Han var ein sentral spelar både då Italia vann EM i fotball 1968 og det vart VM-sølv i 1970. Også faren Valentino Mazzola spela landskampar for Italia. Til liks med faren var han ein offensiv midtbanespelar og ein dyktig målskårar.
Karriere Klubbspel Mazzola debuterte for Inter i 1961 og skåra i debuten. Han slo gjennom på fyrstelaget i 1962/63-sesongen då Inter sikra seg det fyrste av tre seriemeisterskap på fire år. Både i 1964 og 1965 vann klubben den store Europacupen, med Mazzola som ei drivande offensiv kraft. I 1965 vart han seriemeister i Serie A, og vart også toppskårar i ligaen med 17 nettkjenningar, saman med Fiorentinas Alberto Orlando. Mazzola fekk sitt fjerde ligagull i 1971, same året som han kom på andreplass i kåringa av årets spelar i Europa, bakom Johan Cruijff. Mazzola spela heile si tid i Inter. I løpet av 16 sesongar på San Siro spela han 418 kampar i Serie A, og skåra 116 mål. Han la opp i 1977.
Landslagsspel Mazzola debuterte på det italienske landslaget den 12. mai 1963, i ein kamp der verdsmeistrane frå Brasil vart slått 3-0 og Mazzola skåra eitt av måla. Han deltok i tre VM-sluttspel og var tapande finalist i 1970. I ein del landskampar delte han og Gianni Rivera på å vere playmaker for Italia, då trenarane ikkje var nøgd med spelet når begge var på bana. Mazzola var med på det italienske landslaget som vart europameistrar på heimebane i 1968. Han spela sin 70. og siste landskamp då Italia etter dei innleiande rundane rauk ut av VM 1974 med 1-2-tap mot Polen. Han skåra 22 landslagsmål, det siste allereie hausten 1970.
Merittar EM-gull 1968 for Italia VM-sølv 1970 for Italia Vinnar av Europacupen: 1964 og 1965 med Inter Italiensk seriemeister: 1963, 1965, 1966 og 1971 med Inter
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sandro Mazzola» frå , den 24. mai 2013.
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974