Apollonius Liliedahl også kjent som Apollonius Liljedahl () var ein dansk-norsk skreddar, klokkar og fruktdyrkar. Han slo seg ned i Vik i Sogn og vart ein pioner i hagbruk, fruktdyrking og birøkt, mellom anna innførte han potetdyrking i Vik og er den første kjende potetdyrkaren i Sogn. I Vik byrja han alt i 1768 med planteskule, som kanskje den første på Vestlandet.http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Apollonius_Liljedahl
Liliedahl var utdanna skreddar og kom truleg til Bergen kring 1750, og deretter til Vik kring 1755 der han vart klokkar i 1768. For sitt pionerarbeid fekk han i 1784 pengepremie frå Det Nyttige Selskab i Bergen, og i 1785 sølvmedalje og pengepremie frå Det Kongelige Danske Landhuusholdningsselskab. I 1804 fekk han også Det Nyttige Selskabs heidersmedalje.Balvoll, Gudmund (1996): Hagebrukspioneren Apollonius Liliedahl 1734-1814 og eit bokmanuskript frå 1747. Vik lokalhistoriske arkiv. Då biskopen Johan Nordahl Brun var på visitas i Vik noterte han at dei vitja den «berømte Gartner Lilliendahl».Brun, Johan Nordahl: Visitasprotokoll 1794-1812. Nettversjon Digitalarkivet.
Han var gift med Mette Marie Harboe, dei fekk borna Catharina Dorothea og Johan Benjamin. Catharina var gift med sokneprest Ludvig Daae (1774–1843), dei var besteforeldre til professor Ludvig Ludvigsen Daae. Liliedahl sitt oldebarn Edvard Apolloniussen Liljedahl var ein sentral politikar.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
Kjelder
Kategori:Folk frå Vik Kategori:Norske hagebrukarar Kategori:Norske fruktdyrkarar Kategori:Norske gartnarar