Erland Johnsen () er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Johnsen var ein kompromisslaus midtstoppar som fekk 24 for Noreg, og deltok i fotball-VM i 1994.
Johnsen starta karrieren som liten gut i Ekholt Ballklubb, Johnsen byrja seinare den store karrieren sin i Moss, og vart så proff i Bayern München. I 1989 gjekk han til engelske Chelsea, der han spelte i åtte år. Han vart engelsk cupmeister i 1997, i 1994 pådrog han seg tidenes raskaste gule kort i ein FA-cup finale, etter 27 sekunder takla han Ryan Giggs i knehøgd. Seinare same år returnerte han til norsk fotball og Rosenborg. Han avslutta spelarkarrieren i Strømsgodset.
Johnsen var trenar for Follo, som spelte i 1. divisjon i 2006, fram til 10. november 2006, då han trekte seg som trenar, delvis på grunn av at laget rykte ned til 2. divisjon. Han var så toppspelarutviklar for tippeligalaget Lillestrøm SK, og vart trenar då Tom Nordlie fekk sparken der frå i 2008. I slutten av 2011 vart han tilsett som trenar for Strømmen i Adeccoligaen.Aftenposten -Erland Johnsen blir Strømmen-trener Merittar Norsk seriemeister: 1987 med Moss FK, 1997 og 1998 med Rosenborg BK Tysk ligameister: 1989 og 1990 med Bayern München Vinnar av FA-cupen: 1997 med Chelsea FC Finalist i FA-cupen: 1997 med Chelsea FC
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erland Johnsen» frå , den 29. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
eu-football
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Moss-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar i England Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar i Tyskland Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Fotballtrenarar for Moss FK Kategori:Fotballtrenarar for Lillestrøm Sportsklubb Kategori:Fotballtrenarar for Strømmen Kategori:Folk frå Moss Kategori:Forsvarsspelarar i fotball