Ugarit var ein hamneby i oldtida som låg nordvest i det noverande Syria. Han blei øydelagd på 1200-talet f.Kr. av ukjende fiendar, truleg dei mystiske «havfolka». Ruinane av Ugarit ligg på ein stad som i dag blir kalla Ras Shamra. Dei blei oppdaga i 1928 av Claude Schaeffer.

mini|venstre|Utgravne ruinar på Ras Shamra.

Ugarit var ein handelsby og senter for eit ugarittisk rike som hovudsakleg var sjølvstendig, men som til tider var under påverknad frå Egypt og hettittane.

Kjelder

Ugarit i Store Norske Leksikon

Denne artikkelen bygger på «Ugarit» frå , den 31. mai 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oldtidsbyar Kategori:Oldtidsrike Kategori:Midtausten i oldtida Kategori:Syrisk historie