Flying Fish Cove, også kalla The Settlement, er hovudstad i det australske territoriet Christmasøya. Busetjinga ligg nordaust på øya. Ho blei grunnlagd i 1888, etter at Christmasøya var blitt annektert av Storbritannia.Island Life, ABC.net.au
Flying Fish Cove har den einaste hamna på øya.«About Christmas Island» , Christmas Island Tourism Association. Ho blir nytta til utskiping av fosfat frå gruvedrift andre stader på øya, transportert til hamna med jernbane.
Historie Dei første menneska slo seg ned på Christmasøya etter annekteringa i 1888. Busetjinga fekk namn etter HMS «Flying Fish», eit britisk kartleggingsskip. Grunnleggjarane var Clunies-Ross-brørne frå Kokosøyane eit stykke unna Christmasøya. Dei ville vinna ut tømmer og seinare fosfat frå øya.
Under andre verdskrigen senkte japanarane eit norsk lasteskip som dreiv i fosfatfart ved Flying Fish Cove. Staden blei bomba av japanarane 31. mars 1942, og øya var okkupert av Japan frå 1942 til 1945.
Den vesle hamna blir no særleg brukt av yachtar og turistbåtar.Flying Fish Cove , touristlink.com Mange asylsøkarar til Australia har også enda opp her.Tony Wright, «Flying Fish Cove more like crowded marina», The Age (30. juni 2012) Det finst også ei flystripe nokre kilometer søraust for Flying Fish Cove.
miniatyr|venstre|Kart over Christmasøya med namn avmerkte.
Område i og ved Flying Fish Cove «The Settlement» er staden der ein finn dei fleste butikkane og verksemdene på øya. Her finst fleire store, gamle hus frå kolonitida. Mange folk av europeisk herkomst lever her. I området Kampong bur det mest malayar, og her finst det ein moské.«Christmas Island Sights» , Christmas Island Tourism Association. Poon Saan er eit kinesisk område medan Silver City, bygd med aluminium og anna metall, og Drumsite har ei meir blanda befolkning.
Staden har ei strand og ei bryggje som det går an å bada frå.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Flying Fish Cove» frå , den 3. juni 2013.
Kategori:Christmasøya Kategori:Hovudstader i Asia Kategori:Hovudstader i Oseania