mini|Sekkepipespelar kledd i tradisjonelt kiltutstyr. Skotsk musikk er musikk som stammar frå Skottland. Han er kjend for ein sterk folkemusikktradisjon, med song på skotsk gælisk og engelsk og musikkinstrument som fele, trekkspel og sekkepipe. Tonesette dikt av forfattarar som Robert Burns og Robert Louis Stevenson er utbreidde. Nokre kjende skotske melodiar er «Auld Lang Syne», «Flower of Scotland», «Scotland the Brave», «Scots Wha Hae», «The Skye Boat Song» og «Loch Lomond». Musikklivet i nyare tid omfattar fleire kjende folk-rock-, pop- og rockeutøvarar som Cocteau Twins, Runrig, The Proclaimers, Eurythmics, Belle & Sebastian og Mogwai. Nokre kjende kunstmusikk-komponistar med skotsk tilknyting er Alexander Mackenzie, Judith Weir og Peter Maxwell Davies.

Instrument

Fele mini|Framføring av «Cam ye o'er frae France» frå 1700-talet på fele. Skotsk tradisjonelt felespel omfattar ei rekkje regionale stilar, mellom anna den sekkepipe-påverka vesthøglandsstilen, den optimistiske og livlege stilen frå dei nordisk-påverka Shetlandøyane og strathspey og sakte air-ar frå Nordaust-Skottland. Instrumentet kom til landet seint på 1600-talet, og er nemnt for fyrste gong i 1680 i eit dokument frå Newbattle Abbey i Midlothian, Lessones For Ye Violin.

På 1700-talet skal skotsk felespel ha nådd nye høgder. Spelemenn som William Marshall og Niel Gow var legender over heile Skottland, og dei fyrste samlingane av felemelodiar blei gjevne ut på midten av hundreåret. Den mest kjende og nyttige av desse samlingane var ein serie som blei publisert av Nathaniel Gow, ein av sønene til Niel, som også var ein fin felespelar og komponist.

Scots Fiddle Festival blir halden kvar november, og viser den store feletradisjonen og -talenta i Skottland.

Fløyte Ei fløyte av keramikk eller bronse med seks fingerhol, kjend som tusculumfløyta, blei funnen i lag med keramikk datert til 1300- og 1400-talet i North Berwick. I dag er blekkfløyte eit vanleg instrument i skotsk folkemusikk. Sjølv om få kjende utøvarar vel fløyta som hovudinstrument, er det ganske vanleg at sekkepipespelarar, fløytistar og andre musikarar spelar fløyta.

Gitar mini|Fish frå Marillion speler gitar i 2018. Gitar er eit relativt nytt instrument i skotsk tradisjon. Det same gjeld cister og bouzouki, som blei introduserte til keltisk folkemusikk av folkesongaren Johnny Moynihan på slutten av 1960-talet.O'Toole, Leagues (2006). The Humours of Planxty. Ireland: Hodder Headline. . Gitaren hadde ei viktig rolle i gjenopplivinga av folkemusikk på byrjinga av 1960-talet med artistar som Archie Fisher, Corries, Hamish Imlach, Robin Hall og Jimmie Macgregor. Den virtuose spelinga til Bert Jansch hadde stor innverknad, og rolla til instrumentet blei utvida av The Incredible String Band. Andre kjende utøvarar er Tony McManus, Dave MacIsaac, Peerie Willie Johnson og Dick Gaughan. Skottland har òg produsert fleire kjende utøvarar av el-gitar, som Stuart Adamson frå Big Country (ein gong omtalt som «Britain's Jimi Hendrix»), Angus Young frå AC/DC, Jimmy McCulloch frå Wings, Manny Charlton frå Nazareth, Zal Cleminson frå The Sensational Alex Harvey band og Brian Robertson frå Thin Lizzy.

Harpe mini|portrett|Denne skotske harpa, kjend som Clàrsach na Banrìgh Màiri eller Queen Mary Harp, blei laga i det vestlege høglandet kring 1500 og er no i Museum of Scotland. Ho er ei av berre tre overlevande gæliske harper frå mellomalderen.Caldwell, D.H. (red.). Angels Nobles and Unicorns: Art and Patronage in Medieval Scotland. Edinburgh: NMS, 1982 Det finst materielle prov som tyder på at lyre og/eller harpe, kjend som clarsach, har ei lang og gammal historie i Storbritannia, med instrument frå jernalderen datert til 2300 f.Kr. Harpa var sett på som det nasjonale instrumentet til ho blei erstatta av høglands-sekkepiper på 1400-talet.Henry George Farmer (1947): A History of Music in Scotland London, 1947 p. 202. Steinrissingar i det austlege Skotland støttar teorien om at det fanst harper i det piktiske Skottland lenge før 800-talet. Dei kan ha vore opphavet til den moderne europeiske harpa og til og med ha danna grunnlaget for skotsk pibroch, den folkelege sekkepipetradisjonen.

Fram til slutten av mellomalderen var harpe det mest populære musikkinstrumentet i Skotland, og harpespelarane var blant dei mest prestisjerike kulturfigurane i hoffa til irske/skotske høvdingar og skotske kongar og grevar. I begge land hadde harpespelarane særrettar, og spelte ein viktig rolle ved seremonielle høve som kroningar og skaldeframføringar. Kongane i Skottland hyrte harpespelarar fram til slutten av mellomalderen, og dei er prominente i kongeleg ikonografi.

Speling på den keltiske harpa med metallstrenger døydde ut i Skotland på 1700-talet og i Irland på byrjinga av 1800-talet. Som del av gjenoppvekkinga av gælisk kultur seint på 1800-talet tok ein i bruk harpe att, men desse instrumenta var svært forskjellige frå dei gamle harpene med metallstrengar. Dei nye instrumenta hadde tarmstrengar (seinare nylon), og konstruksjonen og spelestilen bygde på den større orkestrerharpa med pedal. Namnet «clàrsach» blei og blir framleis brukt i Skottland i om desse nye instrumenta, som har tusenvis av spelarar både i Skottland og Irland, Nord-Amerika og andre stader. Nokre nyare harpespelarar er Savourna Stevenson, Maggie MacInnes og duoen Sìleas. Kjende hendingar er den årlege Edinburgh International Harp Festival, som i 2006 sette rekord for den største samlinga av harpistar som spelte samstundes.

Sekkepipe mini|portrett|Sekkepipeskeplar med Great Highland Bagpipe

Sjølv om sekkepipe er særskild assosiert med Skottland av mange utlendingar, er instrumentet (eller meir nøyaktig instrumentfamilien) utbreidd over store delar av Europa, Nord-Afrika og Sør-Asia. Den vanlegaste typen i moderne skotsk musikk er stor skotsk sekkepipe eller Great Highland Bagpipe, som blei spreidd av Highland-regimenta i den britiske hæren. På 1800-talet blei det òg spelt sekkepipe på båtar som segla til krig for å gje mennene håp og ønska dei lykke i den kommande krigen. Historisk sett har det vore mange andre sekkepipetypar i bruk, og mange av dei er blitt gjenoppliva i det siste halve hundreåret.

Skotsk sekkepipe blir brukt både som solo- og ensembleinstrument. Den klassiske musikken til stor skotsk sekkepipe blir kalla pìobaireachd.

Sekkepipetevlingar er vanlege i Skottland, både for solistar og korps. Tevlingar i solospel er i dag populære blant mange lovande sekkepipespelarar, og somme av dei dreg frå så langt borte som Australia for å ta del i skotske kappleikar. Andre sekkepipespelarar har valt å utforska andre kreative måtar å nytta instrumentet på. Sidan 1970-talet har ein gjenoppliva eldre sekkepipetypar, som historiske border pipes og Scottish smallpipes, og desse har trekt til seg ei blømande alternativ sekkepiperørsle.Hamish Moore of Dunkeld – maker of Scottish smallpipes and Highland bagpipes To av dei mest respekterte sekkepipespelarane i Skottland er Gordon Duncan og Fred Morrison.

Sekkepipekorps, eller pipe band, er ein anna vanleg måte å spela høglandsekkepipe på, med topp konkurransedyktige korps som Victoria Police Pipe Band frå Australia, Field Marshal Montgomery frå Nord-Irland, Laurence O'Toole pipe band frå Republikken Irland, 78th Fraser Highlanders Pipe Band og Simon Fraser University Pipe Band frå Canada, i tillegg til skotske korps som Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band og Strathclyde Police Pipe Band. Desse korpsa kan ta del med mange andre i kappleikar som World Pipe Band Championships, og opptrer til tider i offentlege konsertar og opptog. Royal Edinburgh Military Tattoo i Edinburgh blir utført av internasjonale væpna styrkar, med mykje bruk av sekkepipe. Han blir halden i august ved Edinburgh Castle som ein del av Edinburgh-festivalane.

Trekkspel Trekkspel har vore ein del av skotsk folkemusikk sidan det blei innført på 1800-talet. På byrjinga av 1900-talet var melodeon (ein variasjon av diatonisk knappetrekkspel) populært på landsbygda, som ein del av bothy band-tradisjonen og andre former for folkeleg dansemusikk. Country dance-band, slik som det leidd av den kjende Jimmy Shand, har bidratt til å heva statusen til instrumentet. Seinare har Phil Cunningham (frå Silly Wizard) bidratt til å gjera instrumentet populært innan skotsk musikk.

Trommer mini|Sekkepipespel med trommer. Trommer er ein viktig del av sekkepipekorps, der ein nyttar skarptromme, tenortromme og stortromme. Trommene blir nytta til å utvida klangen til sekkepipene.

Bodhrán er ei opphavleg irsk tromme som har fått ein viktig plass også i skotsk folkemusikk.

Vokal I tillegg til instrument har vokalmusikk alltid vore viktig i skotsk musikk. Ein særeigen type der stemmen erstattar instrument er puirt à beul, 'munnmusikk'. Ein annan skotsk songtype er tradisjonell gælisk salmesong utan akkompagnement, der ein forsongar syng ei linje og kyrkjelyden følgjer med sine eigne variasjonar. Denne songforma var utbreidd i Storbritannia på 1600-talet, og blei halden ved like på Hebridane til våre dagar.

Historie Førhistorisk og tidlegmusikk mini|Harpespelar på Monifeith-steinen laga av piktarar rundt år 700-900. Strengeinstrument er kjende i Skottland frå jernalderen. Eit utskore trestykke frå øya Skye som er rundt 2300 år gammalt er truleg det eldste dømet på ei lyre utanfor den gresk-romerske verda, og det eldste overlevande strengeinstrumentet i Vest-Europa. Som i andre keltiske område var skaldar viktige formidlarar av dikting og andre tradisjonar,M. J. Green, The Celtic World (London: Routledge, 1996), ISBN 0-415-14627-5, s. 428. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. og finst dokumentert frå skotske hoff gjennom heile mellomalderen. Dei nytta ofte harpe til å akkompagnera seg sjølv.W. McLeod, Divided Gaels: Gaelic Cultural Identities in Scotland and Ireland, C.1200-c.1650 (Oxford: Oxford University Press, 2004), ISBN 0-19-924722-6, s. 102. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Skotsk kyrkjemusikk frå seinare i mellomalderen blei stadig sterkare påverka av utviklinga i Kontinental-Europa. Musikkteoretikaren Simon Tailler studerte til dømes i Paris på 1200-talet, før han vende tilbake til Skottland og reformerte kyrkjemusikken på fleire område.K. Elliott and F. Rimmer, A History of Scottish Music (London: British Broadcasting Corporation, 1973), ISBN 0-563-12192-0, pp. 8–12. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Skotske musikksamlingar som Wolfenbüttel 677 frå 1200-talet, som er knytt til St Andrews, inneheld for det meste franske komposisjonar, men med nokre særmerkte lokale kjenneteikn. Den engelske fangenskapen til Jakob I frå 1406 til 1423, der han blei velkjend som diktar og komponist, kan ha ført til ein vidare påverknad frå England og Kontinentet. Seint på 1400-talet gjekk ei rekkje skotske musikarar i lære i Nederlanda, til dømes John Broune, Thomas Inglis og John Fety. Sistnemnde blei styrar av songskulen i Aberdeen og deretter Edinburgh, og innførte den nye femfingra spelemåten for orgel.J. Wormald, Court, Kirk, and Community: Scotland, 1470–1625 (Edinburgh: Edinburgh University Press, 1991), ISBN 0-7486-0276-3, s. 58 og 118. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Jakob V (1512–42) var både ein dyktig luttspelar og ein viktig støttespelar for skotsk musikk. Han introduserte fransk chanson og consortmusikk (strengeensemble) ved hoffet og støtta komponistar som David Peebles (ca. 1510–1579).J. Patrick, Renaissance and Reformation (London: Marshall Cavendish, 2007), ISBN 0-7614-7650-4, s. 1264. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

mini|venstre|Scottish Metrical Psalter frå andre halvdel av 1500-talet.