Fredløs er eit musikkalbum med Folque, gjeve ut i 1980. Albumet vart produsert av Arvid Esperø.

Plata vart spelt inn 1979, og det var ikkje eit lett år for gruppa – som stod på randen av oppløysing. Gitarist Lars Helljesen og bassist Per Vestaby spelte på dette tidspunkt både i Folque og Veslefrikk. Dette var ein vanskelig situasjon og midt i planlegginga av plata slutta Per Vestaby i Folque, medan Lars Helljesen slutta i Veslefrikk.

Dei mest «rocka» låtane på plata, mellom anna «Hjuringstev», vart øvd og spelt inn med Per Vestaby, produsent Arvid Esperø spelar bass på nokre låtar, medan eit par er heilt akustiske, utan bass og trommer.

Innhald

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.

Medverkande Jenn Mortensen: Song Lars Helljesen: Song, ak. og el. gitar Øyvind Rauset: Fele, mandolin Morten Bing: Ak. og el. dulcimer, ak, gitar, mandolin, 5 str.- banjo Per Vestaby: Bass Morten Jacobsen: Trommer

Studiomusikarar Geir Otnes: Trekkspel Helge Korvald: Cornamuse, krummhorn Arvid Esperød : Bass, (produsent) Richard Burgess: Kor

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Folque-album Kategori:Plateselskapet Mai-album