Grand Tournalin er eit 3 379 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Aostadalen i Italia. Toppen ligg mellom fjelldalane Val d'Ayas og Valtournenche.
Fjellet er eit mykje besøkt turmål. Frå toppen er det ei framifrå utsikt mot Monte Rosa og Matterhorn. Den 8. august 1863 kleiv Edward Whymper og Jean-Antoine Carrel til topps som dei fyrste, mellom anna for å sjå seg ut ei passande rute til topps på grannefjellet Matterhorn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Grand Tournalin» frå , den 24. juni 2013.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Aostadalen