Ansgar Gabrielsen () er ein norsk politikar frå Mandal, som har representert partiet Høgre. Perioden 2001-05 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.
Gabrielsen var ordførar i Lindesnes i tida 1987–1993. 1989-90 var han samstundes formann i Vest-Agder Høgre og medlem av Høgre sitt sentralstyre. Han vart innvald på Stortinget for Høgre frå Vest-Agder i [1993, og hadde sete på Stortinget i 12 år. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av sosialkomiteen, i den andre av næringskomiteen, samt valkomiteen. Frå oktober 2001 var han næringsminister i Kjell Magne Bondeviks nye regjering, ei stilling han hadde til 2004. I si tid som næringsminister fremja Gabrielsen eit lovforslag om minst 40% kvinnerepresentasjon i selskapsstyre. Forslaget fekk motbør, mellom anna frå partifellar, men vart vedteke med røyster frå opposisjonen på Stortinget. I 2004 vart han flytta over til helsedepartementet og var sjef for dette til Bondevik-regjeringa gjekk av hausten 2005. Gabrielsen tok ikkje attval til tinget i 2005.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ansgar Gabrielsen» frå , den 26. juni 2013.
Kategori:Norske helseministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Ordførarar i Lindesnes Kategori:Høgreordførarar i Vest-Agder Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Lindesnes Kategori:Folk frå Mandal