Kakaosmalmott eller kakaomøll er ein sommarfuglart i familien pyralidar (Pyralidae). Han er liten og gråbrun og lever av tørre planteprodukt, som kakaobønner, tobakk, korn og tørka frukt og nøtter. Kakaomøll er utbreidd over store delar av verda og held gjerne til i sjokoladefabrikkar, bakeri, kornlager og liknande.
mini|venstre|Larvar av kakaosmalmott. Kakaosmalmott er eit vanleg skadedyr. Han kan importerast til nordlege område frå sørlege og kan bli talrik i oppvarma lagerrom.
Møllen har eit vengespenn på 14–20 mm. Larvane er 12-14 mm store og kvitgule til lysebrune. Dei utviklar seg i plantemateriale som dei spinn saman med trådar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ephestia elutella» frå , den 2. juli 2013. oppgav desse kjeldene: (1942): Eigenartige Geschmacksrichtungen bei Kleinschmetterlingsraupen ["Strange tastes among micromoth caterpillars"]. Zeitschrift des Wiener Entomologen-Vereins 27: 105-109. PDF fulltekst (2009): Markku Savela's Lepidoptera and some other life forms – Ephestia elutella. Version of 2009-APR-25. Retrieved 2010-APR-10.
Bakgrunnsstoff
Kakaomøll ved ukmoths.org.uk Kakaomøll ved Lepidoptera of Belgium
Kategori:Pyralidar Kategori:Sommarfuglar Kategori:Skadedyr