Arne Ekeberg() er ein norsk jurist og offentleg tenestemann
Ekeberg avslutta ei utdanning med cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1950. Han jobba eit år som advokatfullmektig før han i 1952 vart tilsett i Kommunaldepartementet. I denne perioden var Ekeberg også dommarfullmektig i Hardanger og sekretær hjå fylkesmannen i Hordaland.
Mellom 1956 og 1976 var Arne Ekeberg fylkeskontorsjef (assisterande fylkesmann) i Sogn og Fjordane, men i denne perioden var han også konstituert fylkesmann for Ingvald Ulveseth som hadde permisjon i to periodar (1971-1973 og 1973-1976) for å sitje på Stortinget og jobbe som statsråd.
Frå 1976 til 1995 var Arne Ekeberg sorenskrivar i Sogn.
Bakgrunnsstoff NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon: Arne Ekeberg
Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Fusa