thumb|Frå Dale sentrum thumb|Etter at Dalsfjordbrua opna, er det slutt på fergetrafikken i Dale. Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har . Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desember 2013 opna Dalsfjordbrua som knyter saman Askvoll kommune og Fjaler kommune.

Kultur og industri I Dale finn ein Klokkargarden, fødestad åt diktaren Jakob Sande, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og designstudioet Ralston & Bau og idéfabrikken Transplant. I tillegg så driv Dale Ungdomsslag Fjaler Kino på frivillig basis. Kinoen held til i ungdomshuset Trudvang som ligg langs fv. 57 mellom Dale sentrum og Dingemoen skule.

Utdanning Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år, og i dag finn ein Dingemoen barneskule, Fjaler ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i bygda.

Transport Frå rutebilstasjonen i Dale sentrum går det fleire bussar mellom anna til Førde og Bergen via Fylkesveg 57 eller snøggbåt. Bygda ligg 25 min frå Førde lufthamn, Bringeland.

Dalsfjordsambandet I desember 2013 opna Dalsfjordbrua for trafikk. Den knyter saman Fjaler kommune med Askvoll kommune. Dalsfjordsambandet består av ny fylkesveg nummer 609 frå Eikenes til Nishammaren i Dale og ny fylkesveg nummer 57 frå Fjaler Sjukeheim til Sætenes. Dalsfjordsambandet inneheld tre nye tunnelar, der to av tunnelane ligg i Askvoll kommune og den siste ligg i Fjaler kommune, og sist men ikkje minst Dalsfjordbrua over Dalsfjorden. Desse tre tunnelane heiter Dalsfjordtunnelen, Ottersteintunnelen og Nishammartunnelen. Nishammartunnelen ligg i Fjaler kommune og er ein av få tunnelar i Noreg med rundkøyring inne i fjellet.

Dalsfjordsambandet erstatta det gamle ferjesambandet Dale-Eikenes mellom Eikenes og Dale ferjekai.

Folketalsutvikling

Kjelder

http://www.dalsfjordbrua.no/

Kategori:Geografi i Fjaler Kategori:Tettstader i Vestland Kategori:Kommunesenter i Vestland