mini|Ægir Bryggeri.
Ægir Bryggeri er eit mikrobryggjeri i Flåm i Aurland kommune i Vestland. Bryggjeriet er kalla opp etter den norrøne guden Ægir og vart grunnlagd av Aud Melås og Evan Lewis i 2007. Sjefsbryggar er Evan Lewis.
Bryggeriet er tilknytt Flåmsbrygga Hotel, Flåmstova Restaurant og Furukroa Café.
Øltypar Bryggeriet lagar følgjande øltypar, som kan kjøpast i polutsal og butikkar i heile landet, og som alle er av typen real ale: Bøyla Blonde Ale, 4,7 % India Pale Ale, 6,5 % Rallar Amber Ale, 4,7 % Sumbel Porter, 4,7 % Ægir Ratatosk Double IPA, 9 %
I tillegg til desse, som vert laga året rundt, har bryggeriet også fleire typar øl som vert bryggja til ulike årstider eller er eingongsbrygg: Brime Red Lager, 4,7 % Julebrygg, 4,7 % (raud etikett) og 7 % (grøn etikett) Kvase Kølsch, 4.5% (2007–2008) Påskesol!, 4,7 % Saison, 6,5 % (2008)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ægir Bryggeri» frå , den 13. juli 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Næringsliv i Aurland Kategori:Norske bryggjeri Kategori:Skipingar i 2007 Kategori:2007 i Noreg