Fahrenheit er ein temperaturskala som har namnet sitt etter den tyske fysikaren Gabriel Fahrenheit (1686–1736), som kom med framlegg om skalaen i 1724.

I denne skalaen er frysepunktet for vatn 32 grader (dette skriv ein slik: «32 °F») og kokepunktet 212 grader Fahrenheit. Dermed vert det 180 grader mellom koke- og smeltepunktet for vatn. Altså er ei grad Fahrenheit 5/9 av ein kelvin (ei grad kelvin tilsvarar ei grad Celsius.), og -40 grader Fahrenheit er lik minus -40 grader Celsius.

Bruk Fahrenheit Lufttemperatur 10-20 Djup frost.20-30 Lett frost.30-40 Veldig kaldt. Nær frysepunktet.40-50 Kaldt. Ein treng tjukke klede.50-60 Veldig kjølig. Vanlege klede.60-70 Kjølig. Lette klede.70-80 Komfortabelt. Sommarklede.80-90 Varmt. Til å halde ut. Minimalt med klede.90-100 Heitt.100 og oppover Svært heitt. Ein må vere forsiktig så ein ikkje vert for heit.

mini|

Innan den engelsktalande verda var fahrenheitskalaen den mest brukte måten å måla temperatur på innan meteorologi, industri og medisin fram til 1960-talet. Mot slutten av tiåret og på 1970-talet vart Celsius (på engelsk òg kjent som centigrade) gradvis innført som del av ei standardisering mot det metriske systemet. Trass i dette er Fahrenheit framleis eininga i dagleg bruk til ikkje-vitskaplege føremål.

Tilhengarar av systemet meiner dette er fordi skalaen er lett å forstå og bruka. Dei mindre einingane (5/9 av ei Celsius-grad) gjer at ein sjeldan treng dela dei opp og i staden kan bruka heile tal. I folkemedisinen er det lett å hugsa at ein feber på over 100 Fahrenheit treng medisinsk tilsyn. I tillegg er lufttemperaturen i dei delane av verda der folk bur som regel mellom 0 °F og 100 °F som er lett å dela inn i band på 10 grader. På den andre sida er det òg lett for dei som er vane til det å forhalda seg til Celsius-skalaen på same måten.

Anna Antenningspunktet til papir er 451 °F (233 °C). Det er dette tittelen på boka av den amerikanske forfattaren Ray Bradbury, Fahrenheit 451 kjem frå.

Sjå òg Celsius Kelvin Formlar for temperaturomrekning

Bakgrunnsstoff Forklaring av Fahrenheit på The Straight Dope (engelsk)

Kategori:SI-avleia einingar Kategori:Temperatureiningar