Sunnmøre Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Ulsteinvik i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Elevane ved skulen vel eitt linjefag og fire valfag, to om hausten og to om våren. I tillegg er det fellesfag 12 timar i veka. Skulen har plass til 100 elevar i året og er eigd av KFUK-KFUM og Møre og Romsdal Krins av KFUK-KFUM.
Skulen tok i desember 2006 over lokala til tidlegare Radisson SAS Ulstein Hotell. På skuletunet ligg gymsal og eit treningssenter. Frå skulen er det kort køyreavstand til Sunnmørsalpane og Stranda skisenter, og kort gåavstand til ein 9-hols golfbane. I tillegg har skulen formingsrom og tilgang til klatrehall og fotballhall, som ligg i nærområdet.
Rektor ved skulen er Arnt Ole Grimstad.
Linjer ved skulen i 2015: Butrening.Aktivitet Dans+ Film+ Global.Safari Golf.Idrett.Sør-Afrika Idrett.Ball Multisport.Sør-Afrika Musikk+ Musikk.Digital SjøSnøSurf.Hawaii
Skulen tilbyr også halvårskurset Internasjonal linje og andreårskurset Leiartrening.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Møre og Romsdal Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1908 Kategori:Sunnmøre Kategori:Ulstein kommune